Ein mann i 20-åra stal laurdag kveld ein gaffeltruck frå ein byggeplass i Fredrikstad. Han køyrde så i retning sentrum gjennom eit byggegjerde og over Fredrikstadbrua.
På vegen forsøkte han ifylgje politiet å køyre på ein møtande patrulje, som skulle stoppe mannen. Han er no sikta for drapsforsøk på polititenesteperson.
– Basert på køyretøyet og omstenda så meiner vi det er forsøk på drap, seier politiadvokat Tore Almenning i Øst politidistrikt.
Ferda enda i ei sidegate ved jernbanestasjonen, der gjerningspersonen stakk frå staden. Politiet fekk fatt i mannen, som no er sett i arresten.