Sikta for drapsforsøk etter truck-tjuveri

2 weeks ago 13


Mannen stal ein teleskop-truck som stod parkert på ein byggeplass i Fredrikstad, opplyser Øst politidistrikt.

Deretter køyrde mannen i retning sentrum, gjennom eit anleggsgjerde og over Fredrikstad-brua.

På vegen møtte mannen ein politipatrulje som var ute etter å stanse han.

– Politiet måtte svinge unna for ikkje å bli treft, fortel politiadvokat Tore Almenning til NRK.

en traktor på en gate

Ifylgje politiet stal mannen gaffeltrucken frå ein byggeplass, før han køyrde mot sentrum.

Foto: Utrykningsnytt

Ingen personar skal ha blitt skada som fylgje av villkøyringa.

– Det er materielle skadar på minst to bilar som har stått parkert, seier Almenning.

Mannen blei pågripen av politiet like etter klokka 22. Då hadde ferda med gaffeltrucken enda i ei sidegate ved jernbanestasjonen. Mannen stakk frå staden, men blei innhenta av politiet.

Trucken veg ifylgje politiet 12 tonn. Politiadvokaten seier mannen verken gjorde forsøk på å stoppe eller svinge unna, og meiner difor at køyringa mot patruljen var med vilje.

– Basert på køyretøyet og omstenda, så meiner vi det er forsøk på drap, opplyser Almenning.

en traktor på en gate

Minst to bilar har fått skadar.

Foto: Utrykningsnytt

Politiet melder at dei har tatt naudsynte prøver og at mannen er sett i arrest.

– Han vil truleg bli avhøyrd søndag morgon, og vil få oppnemnd forsvarar så fort som mogleg.

Publisert 13.04.2025, kl. 00.59 Oppdatert 13.04.2025, kl. 02.09

Read Entire Article