Det er høgsesong for julekort, pakkar og gåver.
På postterminalen i Tromsø jobbar dei tilsette og sorteringsmaskinene på spreng. Dei gjer alt dei kan for at alt skal komme fram i tide.
Fristen for at det du sender skal komme fram til julaftan, er i nemleg i dag, 16. desember.
Anette Olsen er ei av dei som har stått i kø for å få julegåvene av garde.
– No skal eg sende julekort til bestemor, onklar og tanter. Og så skal eg sende nokre julegåver, kor eg legg inn julekort med minner frå dette året, seier ho.
Olsen veit at dei personlege korta med bilde betyr mykje særleg for bestemora. De bor eit stykke frå kvarandre. Det går difor ofte ei tid mellom kvar gong vi møtast.
– Så eg prøvar å vere i rute med julesendinga, men det kan bli litt stress. Det er rart med det, det skjer kvart år. Men det går bra, seier ho smilande og lattermildt.
Anette Olsen er ei av dei som har fått sendt kort og pakkar i tide.
Foto: PER INGE ANTHI ÅSEN / NRK- Les også: Forslår at du må hente all post i butikken.
– Viktig å hente pakkane
Kvar dag flyt tusenvis av kort og pakkar gjennom Postens hender.
Distriktssjef for Posten Bring i Troms og Finnmark, Jens Ottosen, kan garantere at pakkar som blir levert måndag vil hamne under juletrea.
Tysdag er det kanskje for seint.
– Det betyr at folk bør sende pakkar i dag. Men folk må ikkje slutte å sende pakkar i morgon. Vi gjer det vi kan for å få dei fram, utan at vi kan gje nokre garantiar, seier han.
På postterminalen ruller store og små pakkar og brev om kvarandre.
Dei har nærare 100.000 pakkar i omløp berre i Tromsø
Foto: PER INGE ANTHI ÅSEN / NRKDistriktssjefen minner om at det ikkje berre er viktig å hugse datoen for levering.
– I førre veke var vi tett på 100.000 pakkar, og det er berre i Tromsø by. De skal så ut til mottakarane. Det som er viktig no er at folk hentar pakkane sine, så vi får kome med nye forsyningar, seier Ottesen.
- Les også: Posten har henta inn 500 medarbeidarar til julerushet.
- Les også: Torbjørn (8) sende brev til Coop: – Kjedeleg å ha mjølk utan juledesign.
Rakk ikkje utanlandsfristen
Det finst ein anna tidsfrist, som allereie er passert.
Sjølv om Roy Arne Varsi rakk å få sendt pakkar innanlands, hadde han også pakkar som skulle ut av landet.
Dei har han måndag ikkje noko garanti for at kjem fram.
– Eg er alltid for seint ute med pakkane eg skal sende til utlandet, seier han.
Roy Arne Varsi har alltid nokre venar som får julepakkar frå han på nyåret.
Foto: Per Inge Anthi åsen– Men dei kjem fram?
– Ja, og dei som får pakkar frå meg er vant til å få dei i januar og februar. Så eg må skjerpe meg på den fronten.
– Men dei nærmaste får gåvene sine i tide, seier Varsi.
- Sjå også: Luftforsvaret fløy jula inn i nord.
Publisert 16.12.2024, kl. 10.48 Oppdatert 16.12.2024, kl. 11.05