Anders Dybdal er tilbake der han forgjeves venta på hurtigbåten Sleipner for 25 år sidan.
Fredagskvelden på kaien i Mosterhamn på Bømlo var forblåst, mørk og kald. Om bord i Sleipner var gutane hans på 16 og 10 år.
Berre eldstemann kom heim.
Vegar var den yngste av 16 menneske som omkom då hurtigbåten Sleipner gjekk rett på skjeret Store Bloksen og sokk nord for Haugesund.
– Den kvelden hugsar eg like godt i dag som for 25 år sidan. Folka som var her, billettøren som gav beskjed om at båten hadde gått på «skjeret». Alt. Det går ikkje ein dag utan at eg tenker på det, seier Dybdal.
Anders Dybdal skildrar sonen Vegar som ein snill og roleg gut. Han budde hos mora på Karmøy, men besøkte faren annakvar helg.
Foto: PrivatSpørsmål om kva båten tolte
Det er fleire som har spart på vrakdelar av Sleipner, fordi dei meiner metallet og sveisinga er undersøkt for lite.
– Det er ikkje sånn me skal bygga båtar, rett og slett, meiner Alf Harald Brekke, som har gjort mange testar.
– Huff, seier Alf Harald Brekke når han ser på ein vrakdel frå Sleipner. Han meiner det er tydelege teikn på korrosjon. – Det har tært, trass i at båten var så kort tid i sjøen.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKBrekke er pensjonert ingeniør med spesialkompetanse innan båtbygging. Han har også jobba som kontrollør i Det Norske Veritas.
Hurtigbåten var splitter ny og bygd i Australia, i aluminium. Eit lett og sterkt materiale, som skal tola stritt vestlandsvêr. Men testane viser at metallet på Sleipner knekker når det blir bøygd.
– Det er ein god indikasjon på at materialet ikkje var godt nok. Det skulle fungera i sjøen, og tola det som er der av bølger og vridingar. Og då må det vera seigt.
Kapteinen blei dømt
Feilnavigering var den direkte årsaka til ulukka, fastslo undersøkingskommisjonen eitt år etter, i 2000. Dei hadde ikkje funne nokon feil av betyding ved sjølve båten.
Kapteinen blei i 2003 dømt til fengsel på vilkår i seks månader. Reiarlaget HSD blei frifunne.
– Det var ikkje nok fokus på materiala båten var bygd i. Me prøvde å belysa det, men dei som eventuelt skulle forstå, tok for lett på det, seier Brekke, som etter ulukka blei hyra av ein advokat, som representerte fleire overlevande og etterlatne.
– Det er offentleg kysttransport me snakkar om her. Det skal jo vera trygt. Og då må det vera sterke material og gode sveisar. Enkelt og greitt.
Alf Harald Brekke har vore oppteken av Sleipner i 25 år. Han har gjort mange undersøkingar og testar.
Foto: Thomas Halleland / NRKArild O. Eidesen, som leidde undersøkingskommisjonen etter Sleipner-ulukka, ønskjer ikkje å kommentera ønsket om ei ny gransking.
– Eg viser til rapporten som kom i november 2000 og det underlagsmaterialet som finst i Riksarkivet, seier Eidesen til NRK
– Få fram sanninga
– Det er flaut viss dei ikkje gjer nye undersøkingar, meiner Mette Jensen, som jobba i kiosken på Sleipner.
Ulukkeskvelden gjekk alt gale. Redningsflåtane var for avanserte til at dei kunne brukast. Jensen måtte gjera det ho kunne med å få redningsvestar på folk og hjelpa dei ut.
I alle år har ho vore overtydd om at det var noko gale med båten.
– Få fram sanninga, slik at det ikkje skjer igjen.
Mette Jensen tenner lys for dei 16 som omkom i Sleipner-ulukka. Ho og 68 andre blei redda opp av den iskalde sjøen i live.
Foto: Thomas Halleland / NRKTove Følid er leiar i støttegruppa for overlevande og etterlatne etter Sleipner-forliset. Ho vil også veldig gjerne at det blir gjort nye undersøkingar.
– Det er viktig å få fram alt for å hindra ulukker i framtida, meiner ho.
Følid mista sonen sin Wim Christer Følid Zwinkels (18) i forliset.
– Far ønskjer nye undersøkingar
På kaien på Bømlo er Anders Dybdal tydeleg på at han meiner heile ansvaret for ulukka ligg på dei som styrte båten.
Likevel skulle ikkje båten gått ned så fort.
– Båten skulle ikkje kunna søkka i det heile tatt. Men viss resten av båten var av same materiale og med same sveisinga som dette, så forstår eg jo godt at båten blei riven sund og gjekk ned.
I over 20 år har han hatt ein del av vraket i kjellaren. Han kallar det bevismateriale.
– Fy, tenkte eg, då eg fann denne. Det viser kor dårleg sveisearbeidet har vore. Det er ikkje gjennombrent, meiner Anders Dybdal.
Foto: Eli Bjelland / NRK– Eg ønskjer det velkomen viss nokon vil setta i gang ei ny gransking av materialet, sveising og kvifor båten gjekk heilt i oppløysing.
– Kvifor er det viktig?
– Det skal vera båtar på havet i mange tusen år til. Viss dette kan bidra til at me slepp sånne katastrofar igjen, så må det vera grunn nok.
Dei første dykkarane som kom ned til vraket, fann Vegar festa til rekkverket på akterenden på båten. Han hadde ingen sjanse.
– Eg tenker av og til på korleis livet hans hadde blitt. Kva skule og kva arbeid han hadde valt. Han likte gravemaskinar, store lastebilar, truckar. Så kanskje han hadde gått den vegen. Eg veit ikkje.
Vegar Dybdal var ein av 16 menneske som omkom då Sleipner gjekk ned. Han blei berre 10 år gamal.
Foto: PrivatUklart kven som kan avgjera
Etter Sleipner-ulukka har det kome nye krav til blant anna redningsvestar og flåteutstyr.
Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim seier dei stadig jobbar med regelverk og tilsyn, for å syta for at tryggingskrava og tilsyna til sjøs blir betre.
Det er uklart kven som eventuelt kan gjenopna Sleipner-saka.
– Det er andre enn Sjøfartsdirektoratet som kan vurdera og avgjera det, men me kan bidra fagleg viss det skulle bli aktuelt, seier Sørheim.
Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim ved minnesmerket etter Sleipner-forliset, som er sett opp ved Ryvarden fyr i Sveio. Like utanfor ligg skjeret Store Bloksen.
Foto: Gisle Jørgensen / NRKPublisert 26.11.2024, kl. 05.50