Sjå direktesendinga: Snart klare for utdeling av Nobels fredspris

5 months ago 31


Klokka 13 startar utdelingsseremonien på Oslo rådhus.

Like etter ein audiens med kongen på slottet, skal representantar frå grasrotorganisasjonen Nihon Hidankyō ta imot Nobels fredspris.

Dei får utdelt prisen for sine forsøk på å oppnå ei verd fri for atomvåpen, og for å vitne om kvifor atomvåpen aldri må brukast igjen.

Toshiyuki Mimaki før Redd Barnas fredsprisfest på Nobels fredssenter i forkant av nobelseremonien.

– Eg hadde aldri drøymt om at vi skulle få nobelprisen, sa leiaren Toshiyuki Mimaki rørt då nyheita først blei annonsert. Her er han på plass i Oslo

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

17 av representantane som har kome til Noreg er sjølve «hibakusha», det japanske ordet overlevarar av bombene i Hiroshima og Nagasaki.

Nihon Hidankyō har vore nominerte mange gongar før, først allereie i 1985.

Reporter Lars Os spør: Kvifor har vi Nobels fredspris?

– Har alltid vore kjernen i arbeidet

– Vi hugsar nokre av dei frå 2017, då kampanjen som førte fram til forbodsavtalen fekk prisen, seier Sverre Lodgaard, seniorforskar emeritus på Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).

– No er det altså Nihon Hidankyō sin tur til å få prisen. Ein får vel seie at det var absolutt siste anledning.

I dag er dei attlevande «hibakusha»-ane i gjennomsnitt 85 år gamle.

Om lag 100.000 av dei er i live i dag, samanlikna med dei 650.000 som blei skildra som råka like etter krigen, ifølge Nihon Hidankyō.

 Christopher Haanes

Slik ser Nobeldiplomet ut for 2024.

Foto: Nobelstifelsen

Då medlemmene sist «fekk» prisen, var det som del av Den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen (ICAN).

Men det er stort at desse tidsvitna også får den utdelt sjølve, seier koordinator for Noregskontoret til ICAN, Tuva Krogh Widskjold.

– Nihon Hidankyō, dei overlevande og deira forteljingar, har alltid vore kjernen i arbeidet med å avskaffe atomvåpen, held ho fram.

Verdens utvikling og bruk av atomvåpen

82 år siden USA utviklet den første atombomben, har atombomber blitt brukt to ganger i krigføring og over 2000 ganger i prøvesprengninger. Konsekvensene er enorme. I dag finnes det om lag 15.000 atomvåpen i verden.

Publisert 10.12.2024, kl. 12.52

Read Entire Article