Sjømannsprest: – Dei overlevande grov for livet

3 months ago 41


Dei tre som overlevde snøskredet i dei franske alpane onsdag, var sjølve aktive i redningsarbeidet med å grave fram dei fire som omkom i skredet.

– Dei var dei som kom først, og som begynte å grave for å redde dei andre. Dei fekk grave fram dei to første før dei franske redningsmannskapa kom fram, fortel sjømannsprest Henning Vik til NRK.

Sjømannsprest i Frankrike, Henning Vik

Sjømannsprest Henning Vik i Frankrike.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Han seier dei overlevande er svært prega av hendinga.

– Det er veldig vanskeleg for dei. Men dei gjorde ein fantastisk innsats, og grov for livet. Dei gjorde det dei klarte, men er sjølvsagt fortvila over at dei ikkje kunne berge dei andre.

Publisert 31.01.2025, kl. 14.51 Oppdatert 31.01.2025, kl. 14.52

Read Entire Article