– Det kan eg ikkje kommentere på noverande tidspunkt.
Det svarer Ingebrigtsen-brørne sin rådgivar, Espen Skoland, på spørsmål frå NRK om Jakob Ingebrigtsen kjem til å stille til start under EM i Birmingham.
– Ei avgjerd vil eventuelt bli tatt tett opp mot meisterskapen, fortset han.
– Jakob ønsker ikkje å sette noko forventning som ikkje kan følgast.
Og forventningane til Ingebrigtsen var høge for fleire før VM i Tokyo i 2025. Det var lenge usikkert om han i det heile skulle delta også der, da han ikkje hadde sprunge eit einaste løp den sesongen på grunn av ein vond akilles.
Det resulterte i at han rauk ut i forsøket på 1500-meteren og kom på ein 10. plass på 5000-meteren.
– Dei fleste har sagt at det ikkje er lurt, men eg er ikkje ein person som trekker meg. Eg er her for å konkurrere. Eg er her for meg sjølv og for ingen andre, sa Ingebrigtsen den gongen.
I 2024 blei Ingebrigtsen historisk da han tok sitt sjette EM-gull. Ingen mannleg friidrettsutøvar har tidlegare klart det. I år er det altså usikkert om han skal delta i meisterskapen i august.
VISTE MUSKLAR: Jakob Ingebrigtsen blei historisk i EM i Roma, da han tok sitt sjette EM-gull. Her frå sigeren på 1500-meteren.
Foto: Lise Åserud / NTBMå kjenne seg klar
Den vonde akillesen blei i starten av 2026 operert. Sidan den gongen har det gått i opptrening, og akkurat no er Ingebrigtsen på treningsleir i høgda i St. Moritz.
Agenten til 25-åringen, svenske Daniel Wessfeldt snakka sjølv med Ingebrigtsen for to veker sidan.
– Det er berre han sjølv som kan bestemme når han kjenner seg klar, og da får vi sjå når det blir, seier Wessfeldt til NRK.
AGENT: Jakob Ingebrigtsen saman med agent Daniel Wessfeldt inne på Letzigrund stadion i Zürich i 2021.
Foto: Anders Skjerdingstad– Kan det vere at han ikkje kjem til å springe noko som helst denne sesongen?
– Det håpar eg ikkje. Eg håpar han kjem til å gjere nokre bra greier i år, men kjenner eg Jakob rett, så vil han vere heilt førebudd – ikkje berre stille opp, fortset han.
– Da er det framleis mogleg at han stiller til EM?
– Kanskje. Eller kanskje blir det litt etter det. Som sagt, det er berre han sjølv som kan seie frå når han er klar.
– Så litt usikkert med EM?
– Det er usikkert med alle ting, men går alt som det skal, så kan det bli EM. Eller så blir det litt seinare når dei andre store stemna kjem i august og september, fortel manageren.
– Må ikkje sjå Jakob i år
NRK sin friidrettsekspert Vebjørn Rodal seier Ingebrigtsen har eit skyhøgt potensial når han berre får gjort jobben på trening, og at det ikkje hastar med å få han med i konkurransen raskast mogleg.
– Eg tenker at det viktigaste ikkje er å få Jakob i konkurranse på halv maskin. Det viktigaste for Jakob er å få trene skadefri og smertefri dag etter dag og veke etter veke. Om konkurransen lèt vente på seg til neste sesong, så får det stå si prøve, seier han.
IKKJE STRESSE: Vebjørn Rodal vil heller vente med å sjå Jakob Ingebrigtsen for full maskin neste sesong, framfor å sjå han for halv maskin denne sesongen.
Foto: Anders SkjerdingstadRodal har VM-deltakinga til 25-åringen i Tokyo friskt i minnet.
– Det å utsette seg sjølv for ytterlegare skaderisiko med å skunde seg tilbake i løp, det treng ikkje berre vere positivt. Det viste han litt i fjor, da han tok VM litt på sparket utan å ha fått førebudd seg spesielt godt. Da blir han slått, får negative konkurranseopplevingar og forsterkar skadeproblematikk som ligg der, fortset han.
Om Ingebrigtsen droppar å løpe under europameisterskapen i Birmingham i august, er langt frå det viktigaste for OL-gullvinnaren frå Atlanta i 1996.
– For min del må eg ikkje sjå Jakob i løp i år. Det er viktigare for meg at han prøver å gjere det som skal til for at han kjem tilbake til der han var. Om det først skjer neste år, så lever eg fint med det, avsluttar Rodal.
- Friidretts – EM i Birmingham går 10–16. august og blir sendt på NRK.
Publisert 30.06.2026, kl. 12.40 Oppdatert 30.06.2026, kl. 12.53












English (US)