Skal undersøke fly etter at det køyrde av rullebana i Molde

4 months ago 44


Det opplyser Sara Neergaard, pressevant i Norwegian, fredag morgon.

Flyplassen er dermed opna igjen. Det var TV 2 som melde dette først.

– Flyet er flytta frå rullebanen og står no utanfor terminalen. Flyet har fått nokre riper på utsida av skroget. Vi vil bruke dagen i dag på å finne ut kor alvorlege desse skadane er og korleis vi kan utbetre dei, seier Neergaard til NRK.

– Kva veit de om skadeomfanget?

– Det er det vi kallar strukturelle skader. Det vil seie nokre riper utanpå flyet. Men det er snakk om overflatiske skader.

Teknikarar frå Norwegian kom til Molde torsdag kveld.

Ska avhøyre vitne

Det var torsdag kveld at Norwegian-flyet frå Oslo til Molde køyrde av rullebana i stor fart.

Flyet stoppa få meter frå sjøen og 171 personar blei evakuerte. Ingen blei fysisk skadde i hendinga.

Politiet skal følge opp saka vidare i dag.

– I dag kjem vi til å ta opp diverse etterforskingsskritt som blei hengande etter gårsdagen. Det er forskjellige personar som var involvert i hendinga som må bli avhøyrt, seier Jørgen Molnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet kjem også til å drive med teknisk sporsikring på staden på morgonkvisten. I tillegg vil etterforskingsavdelinga i politiet ta over saka og jobbe vidare med den.

Havarikommisjonen og politiet sine kriminalteknikarar, vil saman med teknikarar frå Norwegian følge opp saka i dag.

Publisert 20.12.2024, kl. 07.31 Oppdatert 20.12.2024, kl. 07.39

Read Entire Article