Skremt av Thorirs ansikt: – Kollegaer får framleis spørsmål

5 months ago 18


– Eg veit at mine kollegaer får spørsmål framleis, meir før, men om korleis det er å jobbe saman med islendingen som alltid er sur, fortel han spøkefullt til NRK.

Thorir Hergeirsson gir seg som landslagstrenar etter dette EM. Til no har han leia det norske laget til 15 medaljar på like mange år i sjefsstolen. Og sjølv om han har hatt suksess på bana har han heile tida måtte leve med stempelet som sur.

Det har faktisk vore ei utviklingsoppgåve, korleis eg verkar på dei som ikkje kjenner meg.

For med åra har Hergeirsson blitt meir bevisst på korleis han står fram, sjølv om dette er noko som ikkje plagar han i særleg grad.

Camilla Herrem fortel at det er fleire nye spelar som har kome inn på laget har latt seg «skremme» av islendingen sitt «tenke-fjes».

– Dei spurte; «kvifor er du så sur, Thorir?» Dette var då eg var yngre, og han berre, «nei, eg er ikkje sur?».

Samanlikna med «Sinnataggen»

Du veit at eg trenger nokon gonger å tenke. Og om eg tenker på noko som er utfordrande, så har eg ein tendens til å få eit sånt ansiktsuttrykk som folk oppfattar det som at eg anten er sint eller sur, seier han med eit smil.

SEMIFINALE NORGE - RUSSLAND (20-28)

SINNATAGGEN: Han er blitt samanlikna med skulpturen Sinnataggen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Og sjølv om han helst ikkje vil bli oppfatta som sur og sint, så har han også måtte tole og bli gjort narr av for sitt strenge uttrykk i ansiktet. Då han trena Elverum på 90-talet vart han tema i årets revy.

Det var den gong «Sinnataggen» vart stolen frå Vigelandsparken.

– Det var null problem at «Sinnataggen» hadde blitt fjerna frå Vigelandsparken, dei kunne berre leige Hergeirsson på dagtid for å stå i parken. Slik oppfatta dei meg der i starten. Trur dei har ei anna inntrykk etter at dei vart kjent med meg, minnast 60-åringen.

Historia om «Sinnataggen» får dei norske landslagsspelarane til å bryte ut i latter.

– Han kunne sikkert vore fin der, ler målvakt Silje Solberg-Østhassel.

 Pressetreff

SMILEFJES: Camilla Herrem er nok mest kjent for sitt smil og latter.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Herrem, som i EM er inne i sitt 20. meistskap, har høyrt fleire historier frå då sjefen var trenar i Elverum.

– Han fortalde i eit intervju ein gong at han hadde kasta ein sko eller eit anna. Men eg trur den vulkanen har roa seg litt ned no, fortel Sola-spelaren og ler hjarteleg.

Som ein islandsk vulkan

Islendingen meiner at det er ein stor skilnad på å vere sint og engasjert.

– Eg var jo hissig, det er jo noko anna. Det er jo ikkje noko med å vere sint og gjere. Ein kan vere engasjert. Eg har lært meg å styre det litt med åra, naturleg nok. Men eg kjem jo frå ei vulkanøy, og vi er litt sånn vulkanar i temperamentet på Island. Fort opp, og så roar det seg.

 Pressetreff

EM: Thorir Hergeirsson leiar sitt siste EM som trenar for dei norske handballjentene.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Akkurat det at unge spelarar reagerer på måten han kan oppfattast har fått han til å ta grep.

Då er det greitt å huske og dra fram eit smil innimellom.

For å finne forklaringa på det heile meiner 60-åringen, som til vanleg bur på Jæren, at vi må tilbake til sagaøya.

– Eg skuldar på genane eg. Vi har noko genetisk, ikkje sei feil, men vi har nokon mine på farssida mi, alle gutane. Og den blir veldig markant når vi tenker, konkluderer islendingen.

thorir-hergeirsson-nrk-intervju-151024

SJÅ HAN SMILER: 60-åringen har trass alt ein karriere med det norske landslaget det er god grunn til å smile for.

Foto: Fredrik Saltbones / NRK

Publisert 02.12.2024, kl. 12.42 Oppdatert 02.12.2024, kl. 12.43

Read Entire Article