Sjølv om stadig fleire vel kunstige tre når dei skal pynte til jul, er det framleis ein god del som held seg til den naturlege varianten.
Siv Iren Sørensen-Moe, som er kommunikasjonsansvarleg i Norsk Gartnerforbund, trur mange er opptatte av tradisjonar når det skal feirast jul.
– Eg trur mange vil ha lukta og kjensla ein får av å ha eit ordentleg juletre i huset.
Det same erfarer juletreprodusent Lars Klevsgård Hobæk ved Østre Nystein gard i Bamble.
– Det er faktisk fleire som kjem og vil byte ut plasttreet sitt med eit ordentleg juletre.
Vel rett tre
Øvst på sjekklista for å få eit fint juletre gjennom heile høgtida er å finne eit som ser friskt og fint ut.
I tillegg kan det vere lurt å bruke fingrane for å sjekke at treet ein har sett seg ut ikkje har begynt å drysse.
– Vel ein ei vanleg gran, sit nålene litt lausare enn om ein vel ei edelgran, seier Sørensen-Moe.
Nålene på ei edelgran skal sitje godt, seier Siv Iren Sørensen-Moe.
Foto: Mairi Macdonald / NRK
Nålene på ei edelgran skal sitje godt, seier Siv Iren Sørensen-Moe.
Foto: Mairi Macdonald / NRK
Skjer bort ein bit av stammen
Når du har fått med deg treet heim bør det blir kutta 1,5 til 2 centimeter av stamma, anbefaler Klevsgård Hobæk.
Grunnen er at porene til treet har lett for å tette seg etter felling, forklarer han.
– Når ein skjer eit nytt snitt opnar ein porene på nytt.
Kutt av nokre centimeter før du set treet i juletrefoten.
Foto: Mari Rollag Evensen
Kutt av nokre centimeter før du set treet i juletrefoten.
Foto: Mari Rollag Evensen
Sett av tid til akklimatisering
Treet bør ikkje settast rett inn i stua, men plasserast i ei bøtte med vatn på ein stad der det er mellom 10 og 15 grader, anbefaler Hobæk.
– Der ville eg late det stå i eit døgn. Det viktigaste er at bøtta ikkje går tom for vatn. Eit tre kan fort trekke 3 til 5 liter vatn i løpet av eit døgn.
La juletreet vente litt i garasjen før du tek det med inn i stova.
Foto: Ole Andreas Bøe / NRK
La juletreet vente litt i garasjen før du tek det med inn i stova.
Foto: Ole Andreas Bøe / NRK
Gi treet nok vatn
Vatn er viktig, også når juletreet har komme heilt inn og er på plass i foten. Hell gjerne varmt vatn oppi, for det likar treet best.
– Det handlar om å vatne jamt. Sjekk gjerne dagleg at treet har nok vatn i foten, seier Sørensen-Moe.
Siv Iren Sørensen-Moe er kommunikasjonsansvarleg i Norsk Gartnerforbund.
Foto: PrivatViss alt vatnet er borte bør ein helst skjere ein ny bit av stamma. Dette for å opne porene på nytt, meiner Hobæk. I så fall kan det vere lurt å få litt hjelp.
– Da kan ein løfte det opp og skjere av ein skalk.
Juletreet kan fort tørke ut viss du gløymer å gi det nok vatnet.
Foto: Roar Halten
Juletreet kan fort tørke ut viss du gløymer å gi det nok vatnet.
Foto: Roar Halten
Tenk på plasseringa
For at treet ikkje skal drikke vatnet for fort eller tørke heilt ut bør du også unngå å plassere det ved ei varmekjelde.
Rådet kjem frå Hårek Klevsgård som har 40 års erfaring med produksjon av juletre.
Hald treet unna varmepumper og peis.
– For da tørkar det veldig fort.
Ikkje sett juletreet ditt under denne eller ved peisen.
Foto: Anette Torjusen / NRK
Ikkje sett juletreet ditt under denne eller ved peisen.
Foto: Anette Torjusen / NRK
Reise vekk?
Reiser du vekk frå juletreet ditt i nokre dagar så kan ei flaske vere redninga.
Snur du han opp ned i juletrefoten vil han sørge for å gi treet ditt tilstrekkeleg med vatn, rår Sørensen-Moe i Norsk Gartnerforbund.
– Da har ein eit eige sjølvvatningssystem mens ein er borte.
Ei flaske opp ned kan vere ein god idé for juletreet ditt òg.
Foto: Picasa 2.7
Ei flaske opp ned kan vere ein god idé for juletreet ditt òg.
Foto: Picasa 2.7
Og du, når juletreet har gjort nytta si bør du ikkje kaste det inn i peisen.
Publisert 20.12.2024, kl. 10.41