Slik gjekk fyrste natt med norsk VM-skjenking: – Ikkje noko bråk

9 hours ago 4


– Eg likar ikkje flagg på bakken.

Allan Blaha er Securitas-vakt på Trekanttomta i Bergen.

No er han i full sving med å rydde opp etter gårsdagens moro.

Her vises kampar på storskjerm, både inne og ute, under VM.

3000 norske papirflagg vart delt ut i fotballteltet tysdag kveld.

– Ja, det er jo litt tungt å sjå. Norske flagg som går i bosset. Men dei var ferdige, seier prosjektleiar Andre Hellesøy.

– Det var veldig gøy å ha dei i går. Det var som eit gigantisk 17. mai-tog som stod i ro i tre timar.

Stemninga stod i taket på Trekanttomta i Bergen då Haaland skåra det første målet i VM-kampen mot Irak.

Korleis gjekk skjenkinga?

Det har vore stor spenning knytt til VM-nettene etter Stortinget utvida skjenketidene.

Fleire tusen menneske var samla i Bergen sentrum i natt.

Der gjekk det smertefritt.

– Vi har ingen registrerte tilfelle av noko bråk. Det var sjølvsagt nokre som blei leia ut fordi dei hadde det litt for gøy. Men Securitas melder om null hendingar, seier Hellesøy.

Politiet i Bergen seier det same:

Dei hadde ingen ordensforstyrringar i natt.

– Det einaste er to-tre stadar der ungdommar har spelt fotball til forstyrring for naboane, seier seksjonsleiar Ole Bjørn Sveen for politipatruljen i Bergen sentrum.

 seksjonsleiar Ole Bjørn Sveen for politipatrulje i Bergen sentrum.

Politiet i Bergen hadde ingen ordensforstyrringar i natt, seier seksjonsleiar Ole Bjørn Sveen for politipatrulje i Bergen sentrum.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Rundt klokka to kunne heile landet juble for ein 4-1-siger mot Irak i den første norske VM-kampen på 28 år.

At kampen starta midnatt og at det var ein vekedag trur han bidrog til at natta gjekk bra.

– Det var mykje folk, og veldig god stemning. Og folk reiste heim etter kampslutt.

  • Ein mann sit på ein benk føre et stort antal tomme bord og benker. Bak ham er ein stor skjerm med teksten «VM-FESTEN FOTBALL MED MEINING». Området er pynta med flagg og det er fleire toalettbuer i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Prosjektleiar Andre Hellesøy er nøgd med nattas folkefest.

    Foto: Eskil Byrkjeland / NRK
  • Ein Securitas-tilsett ber ein stor plastsekk med søppel. Han går forbi mange lange trebord og benker utanfor ein teltbygning. På ein av teltveggene står det «VM-FEST 2026 BERGEN». I bakgrunnen er det fleire telt og moderne bygningar. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Securitas-vakt Allan Blaha sørgar for at alt er klart til ein ny dag med VM-moro.

    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
  • Ein gjennomsiktig plastsekk inneheld mange norske flagg. Sekken er merket med «RERETURNPLAST». Ved sidan av sekken står ein kvit presenning. I bakgrunnen er det ein Coca-Cola-kjøledisk. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    3000 papirflagg har gjort jobben sin for denne gong.

    Foto: Eskil Byrkjeland / NRK
  • Ein søppelpose med panteflasker ligg på bakken ved fleire benker og bord. Bildet viser ein utandørs arena med ein bakke busetnad og bru i bakgrunnen. Det er ein del søppel spreidd rundt på bakken. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste) Foto: Eskil Byrkjeland / NRK
  • To tomme plastbeger står på et bord føre ein rad med tomme bord og stoler. Mellom begrene står to boksar og to flasker, ein av dei med etiketten «Heineken». Bak bordet er et stort kvitt telt. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste) Foto: Eskil Byrkjeland / NRK
  • Utandørs arrangementsområde med mange rader med trebenker og bord føre ein stor skjerm. Bak skjermen er et stort, kvitt telt. Området er forberedt for ein publikumsbegivenhet, sannsynlegvis ein fotballkamp. Flagg og banner med «VM-FESTEN 2026» er synlege. Ein bil er parkert til venstre. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste) Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Har oppført seg

Det verkar også å vere tilfelle i resten av landet.

I Oslo melder politiet om ei litt travlare natt enn vanleg, men ikkje nokre store utfordringar. Også i Trøndelag har natta gått fint føre seg.

Politiet i Møre og Romsdal hadde ingen hendingar knytt til fotballfesten.

– Folk har stort sett oppført seg, så det er positivt, seier operasjonsleiar Jan Arild Austnes

  • Simon Meek og Matias Scheide Sannes på VM-kamp

    Simon Meek og Matias Scheide Sannes så VM-kampen frå byfjellet Nesaksla i Åndalsnes.

    Foto: Roar Strøm / NRK
  • En stor gruppe jublende mennesker i røde og hvite farger feirer utendørs om natten. Flere holder opp norske flagg og skjerf mens en person kaster opp noe som ligner konfetti. Mange av dem ser ut til å være kledd i supporterutstyr. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    En stor gruppe mennesker med norske flagg og skjerf feirer.

    Foto: Lars Martin Hunstad / NRK
  • Bilder fra rundt omkring i Oslo tirsdag 16. juni og natt til 17. juni 2026. Norge spiller sin første gruppespillskamp i VM 2026 mot Irak. Folkeliv, folkefest, fotball.

    JAAA! Her vert Noregs fyrste siger i VM feira.

    Foto: Lars Martin Hunstad / NRK
  • VM Åndalsnes

    Østigaard er på plass i Åndalsnes.

    Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
  • Bilder fra rundt omkring i Oslo tirsdag 16. juni og natt til 17. juni 2026. Norge spiller sin første gruppespillskamp i VM 2026 mot Irak. Folkeliv, folkefest, fotball. Foto: Lars Martin Hunstad / NRK

137 kommunar har utvida skjenking

Det har vore fleire diskusjonar knytt til utvida skjenking under VM, der det har blitt uttrykt bekymring for overdrive alkoholinntak og bråk.

Då NRK i slutten av mai undersøkte kva kommunar som utvida skjenketidene sine under VM, svarte 269 kommunar.

137 kommunar sa ja, men skjenkestadane måtte framleis søke om å få utvida tider. 42 kommunar svarte at dei ennå ikkje hadde tatt ei avgjersle.

Sjå oversikt om kven som sa ja og nei til utvida skjenketid.

Nokre kommunar svarer at dei utvidar frå 02.00 til 03.00 og andre utvidar til klokka 06.00. Andre svarer at det ikkje blir utvida, fordi ingen skjenkestader har søkt om utvida skjenketider.

Publisert 17.06.2026, kl. 15.02 Oppdatert 17.06.2026, kl. 15.17

Read Entire Article