Ifølge SSB er det rundt 1,1 millionar snille barn i Noreg, og då er julehandel noko som er vanskeleg å unngå.
NHO har spådd at nordmenn vil julehandle for 138,5 milliardar kroner.
I gjennomsnitt vil kvar enkelt handle mat, drikke og julegåver for 24.869 kroner i november og desember.
– Me veit at me brukar enorme summar på jula kvart år, og at det kjem med ei ganske høg miljøbelasting. Det kan vere lurt å sjå på om ein både kan spare litt pengar, og om ein kan ta nokre gode miljøval samtidig.
Det seier Anja Bakken Riise som er leiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender. Ho seier det er særleg to område som er ei særleg belastning i jula.
– Det handlar om maten me et, og det me gir kvarandre.
1. Gi vekk brukte gåver
Kjøper du brukt eller finn noko du har heime, så kan du spare miljøet for mykje.
Anja Bakken Riise er leiar i Framtiden i våre hender. Ho har gode tips til korleis ein kan få ei miljøvenleg julefeiring.
– Det viktigaste er å ta «julegåvepraten» og snakke med dei rundt deg om kva du ønsker deg, slik at du får ting som du faktisk har lyst på, men også å seie frå dersom du er open for å få brukte julegåver, seier Riise.
Ifølge årets juleundersøking frå Finn, er heile 3,9 millionar nordmenn positive til å få brukte julegåver. Over 830.000 nordmenn seier dei planlegg å kjøpe ei brukt julegåve i år.
– Med brukte gåver kan ting få eit lenger liv, i staden for at me kjøper nytt, seier Riise.
På Espehaugen miljøpark i Bergen har BIR i år fått inn over 300 tonn med gjenbruksvarer. Berre i november, og så langt i desember, har dei fått inn 27 tonn. Og det er på eitt av ni anlegg BIR har.
I Bergen, på BIR sine brukthallar i miljøparkane, kan ein hente nesten alt ein kunne trenge gratis. Her ser kommunikasjonsrådgivar Tina Skudal i BIR på ei kiste nokon har gitt frå seg.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRKHer blir varene borne ut, og blir plukka opp, nesten med ein gong, av personar som kan få seg noko nytt (brukt) heilt gratis.
John-Fredrik Butz held opp to ølsmakeglas ein få gratis.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK– Det er ein skremmande tanke at dette kunne blitt kasta, men det me veit er at veldig mykje fint framleis går i restavfall, så det er framleis ei lita hake med det.
Det seier John-Fredrik Butz som er leiar for Espehaugen miljøpark.
– Me må berre vere veldig på og prøve å redde alt me kan, seier Butz.
Både på Finn, bruktbutikkar, eller appen Tise kan du kanskje finne klesplagget eller veska som nokon du kjenner ønsker seg. Bøker kan du finne til dømes på appen Bookis, eller gratis her på Espehaugen miljøpark.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK2. Jul utan (eller med færre) gåver
– Men kva med dei som har nok, då?
– Det trur eg at det er mange som kjenner på, og det synest eg det skal vere mogleg å seie frå om, seier Riise.
Ho seier gåvepresset kan gi både stress og press om å bruke pengar ein kanskje ikkje har. Men, ho har eit alternativt forslag til å ikkje gi nokon ting.
– Viss ein synest det blir litt forrykande å ikkje gi kvarandre noko, så er det mange familiar som blir einige om at ein trekk lodd om kven ein gir gåve til, og så får alle ei gåve kvar, seier Riise.
Det finst også døme på familiar som stiller med ein matrett kvar, og har eit heidundrande middagsselskap saman i staden for å gi gåver.
Det verkar som om mange har fått nok DVD-ar, for på Espehaugen miljøpark i Bergen har BIR metervis med DVD-ar.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK3. Et opp maten
– På matområdet er det lurt å planlegge godt, slik at me ikkje kjøper mykje meir mat enn det me treng, også slik at me får ete opp maten, seier Riise.
Ho seier at det utifrå miljøomsyn er bra å ete meir fisk og meir frukt og grønt.
– Men, om det er eitt tidspunkt me skal kose oss med eitt kjøttmåltid, så er det jula. Så i julefeiringa vil eg heller tenke meir på å få ete opp maten du kjøper inn.
I jula meiner Riise at ein må tenke på å ikkje kjøpe inn for mykje mat, slik at ein unngår matsvinn.
Foto: Marie Melgård / NRK4. Vel alternativ innpakning
Framtiden i våre hender anslår at nordmenn brukar 60 millionar meter gåvepapir kvar jul, og det er ikkje gode nyhende.
– Julegåvepapir er ikkje ombrukbart. Det inneheld nesten ikkje papirfiber, det er mykje leire i det, og fargestoff. Då er det fint å unngå det, seier kommunikasjonsrådgivar Tina Skudal i BIR.
BIR har eigne posar som kundar kan fylle opp med restavfall i jula, men Skudal ser helst at ein kunne ha minka på restavfallet.
Tina Skudal i BIR med ein restavfallspose som ein må hente, og som det er gratis å levere inn.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK– Du kan ta vare på ekstra fint julegåvepapir, men då må du lagre det til neste jul, men du kan også sy gåveposar som kan brukast om igjen år etter år, seier Skudal.
Men, det finst alternativ.
– Noko som eg er veldig glad i, er å bruke gamle aviser til å pakke inn gåver i, og då kan papiret også gå i papiravfallet og bli resirkulert, seier Riise.
Mengda gåvepapir nordmenn brukar, svarar til gåvepapir som går halvannan gong rundt jordkloden. Eller 300 gonger tur-retur Bergen-Voss.
Foto: Tor Risberg / NRKOg skulle du ikkje ha eit gamal avis frå Bergens Tidende, Bergensavisen, eller andre aviser, så kan ein også pakke inn gåvene i tøy.
– Det går an å bruke gamle tekstilar eller tøystoff. Ein duk eller kanskje ein tøyserviett som ein kan bruke igjen og igjen, seier Riise.
Pakkar du inn gåvene i gråpapir, eller brettar posar av ubehandla papir sjølv, er papiret også mogleg å resirkulere.
Foto: Lise Sørensen / NRK5. Lag noko
Hadde du blitt glad for nokre heimelaga kaker, eller kanskje syltetøy laga av frukt og bær frå hagen? Nyttar du bæra, så unngår du også matsvinn!
Kva med eit nesten heilt ferdig brød (legg til vatn, hev, og steik) i ei krukke?
Her er det berre å vere kreativ.
Å sanke bær i naturen er gratis, og er også ei super gåve til dei som ikkje har hatt tid eller energi til bærtur sjølv.
Foto: Allan Klo / NRK6. Gi vekk opplevingar eller tenester
Og kva med å gi vekk tenester?
– Prøv å gi vekk ei oppleving, ein konsert, ein kino, eit klippekort på luftetur med hunden, eller husvask. Gi ting som skaper minner, eller tenester, seier Skudal i BIR.
Kanskje ein aketur, skogstur, eller båltur er den beste gåva? Eller kva med å kjøpe billettar til teater, eller ein festival?
– Ofte vil det vere meir miljøvenleg å gi kvarandre ei oppleving eller ei teneste. Mange av oss kjenner kanskje at det me ønsker oss mest er meir tid med den me er glad i, seier Riise.
– Så kanskje gi ein kinobillett, eller ein gåtur med ein kopp kakao, eller noko hyggeleg ein kan gjere saman, i staden for å kjøpe nye ting, seier Riise.
Kanskje neste venninnetreff kan skje ute i naturen, ved eit bål, utan smarttelefonar og anna støy.
Foto: Nina Didriksen / NRK7. Finn gode nyttårsforsett
OK. Du har opna gåvene, men innsatsen er ikkje over. Å sortere avfallet i jula er like viktig som resten av året. Deretter kan du tenke framover.
Har du altfor mykje av alt? Sel det du ikkje har bruk for, eller gi det vekk, anten til ein privatperson, eller til ein brukthandel. Då får tinga eit lenger liv hjå andre som treng det meir enn deg.
Og kva med å teste shoppestopp?
– Me ser mange set seg som nyttårsforsett å ikkje kjøpe meir enn fem nye plagg i året, som er det forskarar seier er eit berekraftig nivå på klesforbruket, seier Riise.
Riise har også fleire gode tips til det neste året.
– Eit anna godt forsett er å prøve å ete litt meir frukt og grønt, og ete litt meir sjømat, og kutte litt ned på kjøttforbruket, seier Riise.
– Det er bra for både helsa og miljøet.
Ta kontakt
Hei!
Takk for at du las!
Tenkte du på noko medan du las?
Har du tips rundt denne saka, eller tips til andre saker eg bør sjå på?
Eg blir veldig glad for ein e-post.
Publisert 12.12.2024, kl. 12.55