– Eg er jo sliten etter ei sånn helg. Men eg ser ikkje på det som eit sånt ork eller noko sånt. Det er ei glede å ha lange dagar og gjere denne jobben, for det er så absolutt verdt det.
Det seier Adrian Livelten. Han er mannen som syr dressane til det norske hopplandslaget. Men han er også alt mogleg anna.
Du ser han i hoppbakken berande på alt mogleg utstyr, du ser han snakke og rettleie utøvarane, og når du ikkje ser han, så arbeider han sannsynlegvis med dressar på hotellrommet.
– Det er stort sett sånn helgane går. Ein er jo her for å gjere ein jobb, seier han.
Gjennom heile verdscuphelga i finske Ruka har NRK prøvd å møte han, men jobben er viktigast, og først på søndag kveld fekk Livelten tid.
– Det er jo ein grunn til at eg sit langt på natt og brukar alle døgnets timar. For eg vil at det skal bli bra, og det er ei glede å jobbe med det her.
TIMEVIS: Adrian Livelten brukar store delar av arbeidsdagen sin som dette.
Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRK– Betyr alt
Ifølgje NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen, så er hoppdressen «forskjellen på kulen og botnen av bakken».
For å vinne eit hopprenn, må hoppdressen være perfekt. Jobben til Livelten er med andre ord ekstremt viktig. Han målar, syr og tilpassar dresser stort sett heile tiden.
Kristoffer Eriksen Sundal er Noregs beste hoppar så langt denne sesongen, og han er klar på kva Liveltens innsats betyr.
– Den betyr alt. Rett og slett alt. Han er på jobb 24/7. Så utan han hadde vi ikkje hatt sjanse.
Sundal ristar på hovudet, og held fram:
– Det er heilt sjukt. At den mannen der går på to bein, er imponerande. Eg hadde ikkje klart å leve sånn, fortel Sundal.
– Var veldig sliten
Livelten er vand til stor arbeidsbelastning, og forklarer at han brenn for dette. Derfor kjem søvn i andre rekke.
– Det har jo vore nokre meisterskap opp gjennom der ein ikkje har sove i det heile. Berre gått frå symaskina på morgonen og opp i bakken. Men det har jo vore nødvendig for at ein skal kunne gjere det bra.
Før verdscupsesongen i år har det vore ekstra spesielt. Nye dressreglar i hoppsporten gjer at hopparane berre får lov til å registrere ti dressar i løpet av éin sesong. Tidlegare var det uavgrensa.
I tillegg må dei registrere eit viss tal på dressar før verdscuphelgane. Før verdscupstarten på Lillehammer i november lukta det derfor svidd på syrommet.
– Nei, det var vel mellom tre og fire timars søvn veka før Lillehammer der. Men det er også med iherdig innsats frå dei andre i støtteapparatet også. Vi var fleire som jobba hardt for å få ting i orden og ting klart, då.
Saman med seg har han blant anna trenar Thomas Lobben og servicemann Anders Ladehaug.
– Ein var jo veldig sliten. Og eg sov litt lenger på måndagsmorgonen der, sjølv om det er to ungar i huset og hopp og hei. Men ein gjer jo det her med glede, seier han.
Over 1000 døgn på tur
Livelten snittar på rundt 200 reisedøgn i året. Det har han gjort sidan han tok jobben i 2017. Dei siste tre åra har han også blitt far til to barn.
– Av ein eller annan grunn så går motoren. Og det gjer han med glede, seier han.
– Kva slags supermenneske er du, eigentleg?
– Nei, eg er ikkje noko supermenneske. Eg er ein kar som trivst i jobben sin og vil gjere det beste for norsk hoppsport, seier han.
STØTTESPELAR: Adrian Livelten er alltid på plass for å ta imot hopparane.
Foto: NTBHoppar Halvor Egner Granerud meiner derimot at Livelten er eit supermenneske.
– Han betyr jo veldig mykje på mange område. Både sportsleg, men også menneskeleg. Han er jo ein veldig fin fyr først og fremst, og så er han god på det han gjer i tillegg, forklarer Granerud.
– Akkurat no trivst eg frykteleg med dette. Eg har kontrakt til 2026. Så får vi sjå om eg får ny kontrakt. Eg har i alle fall lyst til å drive med det her ganske lenge, avsluttar Livelten.
Publisert 16.12.2024, kl. 05.37