Sofie Vollan evakuert frå brann: – Uroleg for kva som skjer med huset

4 months ago 23


Sofie Vollan var på besøk hos kjærasten i Los Angeles då skogbrannane i storbyen starta.

– Brannane spreier seg i nabolaget vårt, og vi blei akkurat evakuert, skreiv ho på Instagram natt til torsdag.

I ei melding til NRK skriv Vollan at ho og kjærasten no er komne til Las Vegas.

– Vi fann ikkje hotell i Los Angeles fordi det er så mange som blir evakuerte.

Ho skriv at dei får lite informasjon om kva som skjer, men held seg oppdatert ved å følge nyheitssendingane.

– Akkurat no kjenner vi oss trygge, men vi er urolege for kva som skjer med huset til kjærasten min, som vi måtte evakuere frå.

Det var TV 2 som først omtalte saka om Vollan.

Spent stemning

Også den norske filmregissøren Erik Poppe er for tida i USA. Han er i kystbyen Santa Monica, som er omgitt av storbyen Los Angeles.

– Det har til tider vore litt kaotisk. Det er sterk røyklukt i enkelte område av byen, og det er tungt og vondt å puste, seier han til NRK.

Erik Poppe

Den norske regissøren Erik Poppe er tett på dei veldige brannane.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Stemninga i Santa Monica er svært spent fordi brannane nærmar seg byen.

– Det er enorme brannar. Folk er veldig påverka av dette, seier han.

Stadig nye brannar

Eit av områda i Los Angeles som er hardt ramma av brannane er det velståande området Pacific Palisades.

Erik Steigen jobbar i Los Angeles. Han seier til NRK at dette området meir eller mindre er utsletta.

– Det er brent ned. Så no brenn det i andre bydelar. No er det Sunset Boulevard i Hollywood Hills der det er store brannar. Det som er spesielt i denne brannen, samanlikna med brannane vi har sett dei siste åra, er nettopp at det er hus som brenn.

Utbrent bil og smelta hagestoler etter storbrannen i Los Angeles

Brannen har gjort store øydeleggingar i Pacific Palisades i Los Angeles.

Foto: AGUSTIN PAULLIER / AFP/NTB

Når ein brann gir seg fordi det ikkje er meir å brenne, startar ein ny. Det gjer at stemninga er svært intens i den amerikanske storbyen, seier Steigen.

– Folk er veldig opptekne av om dei må forlate heimen sin, eller om dei framleis kan vere heime. Vi følger med på appar og nyheiter, men no begynner folk å miste straumen også. Så det er ganske intenst, men vi gjer som best vi kan.

Publisert 09.01.2025, kl. 12.35 Oppdatert 09.01.2025, kl. 13.14

Read Entire Article