Sophie Elise hyllar nynorsk: – Eg synest det er vakkert

4 months ago 20


– Eg har lese litt bøker på nynorsk her og der, men det er først i det siste eg har «tatt av», og les i overvekt bøker på nynorsk, seier ho til NRK.

På Instagram og Snapchat når ho ut til nær ein million menneske. Gjennom hausten har ho posta fleire innlegg om at ho les bøker på nynorsk – og elskar det.

Sophie Elise Isachsen med ein stabel bøker.

ELSKAR NYNORSK: Sophie Elise Isachsen deler ofte boktips til sine følgarar. Denne hausten har nynorsk litteratur vore i fokus.

Foto: Skjermdump/Instagram

Mange har eit trøblete forhold til nynorsk. Politikarar ønsker å fjerne sidemål, og frustrerte elevar meiner nynorsk øydelegg karaktersnitt og framtida til dei unge lovande.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det dei siste tretti åra har gått éin veg med nynorsken.

Nedover.

Frå 1992 til 2023 er nedgangen i andel elevar i grunnskolen med nynorsk som hovudmål på 6,4 prosentpoeng.

Kanskje er det nettopp litt framsnakk frå ei av landets mektigaste kvinner nynorsken treng.

  • Jente med krøllete hår står utenfor Universitetet I Oslo.

    Julianne Flølo / NRK

    Johanne Nordfjell (19)

    – Kanskje Sophie Elise kan gjere at fleire leser nynorsk, eg veit ikkje. Eg har lese ein del Jon Fosse, og så skriv vel Tore Renberg på nynorsk? Og Agnes Ravatn.

  • Augustinas Tarayle (20) står ute med sort jakke.

    Julianne Flølo / NRK

    Augustinas Tarayle (20)

    – Eg les ikkje nynorsk. Eg synest det er bra at Sophie Elise deler at ho likar det. Eg trur det kan få fleire til å lese nynorsk. Ho har jo veldig stor påverknadskraft.

  • Jente med jakke og krage med pels på.

    Julianne Flølo / NRK

    Annika Engelsvoll (19)

    – Eg kjem frå Stavanger og brukar nynorsk. Eg har ikkje fått med meg at Sophie Elise les bøker på nynorsk, men synest det er bra at ho deler det. Det er jo bra at bokmål ikkje tar heilt over.

  • Jente med skjerf.

    Julianne Flølo / NRK

    Maja Ås (21)

    – Eg les ikkje bøker på nynorsk. Men folk blir kanskje meir interesserte i å lese bøker på nynorsk når Sophie Elise seier at ho gjer det.

– Dette er berre positivt

Noregs Mållag bikka denne veka 16.000 medlemmar. Det er det høgste talet sidan 1985. Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, trur delinga til Sophie Elise kan ha positiv effekt på nynorsken sin posisjon.

– Eg trur Sophie Elise er ei viktig stemme for dei som følger ho. Då kan det nok ha stor betyding at ho så aktivt oppfordrar sine følgarar til å finne nynorske litteraturskattar.

Frå Noregs Mållag si Facebook side dagen dei bikka 16 000 medlem.

NOREGS MÅLLAG: Leiar Peder Lofsnes Hauge feirar 16.000 medlemmer i organisasjonen, som arbeider med å promotere nynorsk.

Foto: Facebook/Noregs Mållag

Han ser ikkje vekk ifrå at omtale frå Sophie Elise kan sende eit signal om at litteratur på nynorsk også er bra litteratur.

– Dess fleire som får auga opp for nynorsk litteratur, dess fleire vil lese den, sette pris på det og kanskje anbefale det vidare til sine venner. Dette er berre positivt.

Er det aktuelt å gjere eit samarbeid med ho i framtida?

– Det har vi faktisk ikkje tenkt på eingong. Men akkurat no gjer ho jobben for oss veldig godt, så vi får vere glade for det, seier han med eit smil om munnen.

Noregs Mållag har posta om Sophie Elise sin kjærleik for nynorsk på sin Instagram

POSITIVT SIGNAL: Noregs Mållag delte på sin Instagram ein av postane til Sophie Elise der ho deler nynorsk litteratur.

Foto: Skjermdump/Instagram

Har mangedobla salet

Direktør i Bokhandlerforeningen, Anne Schiøtz, seier det er vanskeleg å stadfeste kva faktorar som spelar inn på boksal.

At ho snakkar om og opp bøker, er nydeleg. Viss det også kan få fleire til å lese på nynorsk, er ingenting betre enn det.

Det viser seg at bøkene Sophie Elise har omtalt, faktisk har gått opp i sal i haust. Om det er fordi dei er anbefalt av Isachsen, eller om det er det nynorske språket som er trekkplasteret, er vanskeleg å seie.

NRK har spurt forlaga til dei ulike bøkene Sophie Elise har omtalt denne hausten korleis det har påverka salet.

  • Karin Helgøy, Kommunikasjonssjef

    Samlaget

    Samlaget forlag

    Karin Helgøy, kommunikasjonssjef

    – Sophie Elise har jo god litteratursmak. Vi merka ei mangedobling av salet etter rosen hennar. Dei har gitt ut boka Odelsskam, som Isachsen posta om i november.

  • Bilete henta fgrå Bonnier Norsk Forlag

    Jarli Jordan / Bonnier Norsk Forlag

    Bonnier Norsk Forlag

    Jonathan Orrall, kommersiell direktør:

    Vi har merka auka interesse for Snart er eg natt av Elin Eika Bringa gjennom hausten. Det er alltid hyggeleg når andre anbefaler våre forfattarar.

  • Pressebilete av Bjørn C. W. Aagenæs, forleggar i Kolon forlag

    Kolon Forlag

    Kolon forlag

    Bjørn C. W. Aagenæs, forleggar

    Salet fekk eit lite hopp etter at Sophie Elise roste Gunnhild Øyehaug sin roman Her kjem sola. Den har fått fantastisk mottaking i alle medium, og hos lesarar over heile landet. Øyehaug har vore kjent i mange år som ein av dei aller fremste norske forfattarane. Dette spelar nok også inn på salet.

  • Pressebilete av Marte Nøklegård Dahl som er kommunikasjonssjef i Forlaget Oktober

    Julie Engvik / Forlaget Oktober

    Forlaget Oktober

    Marte Nøklegård Dahl, kommunikasjonssjef

    - Song til mor er ein av dei mest selde norske romanane akkurat no. Sophie Elise sin post har heilt klart ein god effekt på salet. I julerushet er det vanskeleg å seie nøyaktig kor stor effekten er.

– Treffer på ein annan måte

Sophie Elise fortel at mange av følgarane hennar er takksame for at ho deler bøker frå nynorske forfattarar. Spesielt dei som har nynorsk som hovudmål. Det er fleire som deler kjærleiken for dei nynorske bøkene.

Det er noko med det skriftspråket som kjennest veldig norsk, spesielt skildringar av norsk natur når det er skrive på nynorsk. Det treffer på ein annan måte enn bokmål. Utan at eg kan forklare kvifor. Det er nesten instinktivt at det kjennest betre.

Du er jo sjølv forfattar, er det aktuelt for deg å skrive nynorsk i framtida?

– Mitt eige språk er nok hakket rikare på bokmål. Der har eg eit større vokabular. Nynorsk skal eg etterlate til dei som er best på det, så får eg heller vere ivrig fan på sidelinja!

Publisert 17.12.2024, kl. 21.31

Read Entire Article