Staten meiner denne bordkledinga er meir brannfarleg enn du trur – vann fram i retten

3 months ago 19


I lang tid har trevarefabrikken Talgø krangla med staten om korleis dei skal merke panelen som dei sel.

Staten hevdar Talgø ikkje har branntesta trefjølene slik dei burde, og dermed feilmerka dei, utan at kundane har vore klar over det.

Rett før jul gjekk Talgø til rettsak mot staten og kravde erstatning. No har dei tapt.

Det kjem fram i ein dom frå Møre og Romsdal tingrett onsdag.

I tillegg må Talgø betale over 800 000 kroner i erstatning.

Forventar at bedrifta set seg inn i regelverket

Det er mange som har engasjert seg i saka.

Konsernsjef Terje Terje Talgø har tidlegare uttalt at dette har sett ei heil næring i spel.

Terje Talgø

Konsernsjef Terje Talgø.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Tidlegare kommunal- og moderniseringsminister, Nikolai Astrup (H) har tidlegare sagt at det er synd firmaet går til sak mot staten og at ein ikkje kan ta lett på branntryggleiken.

Under rettsaka har Talgø mellom anna meint at regelverket for merking og testing har vore komplisert og at dei burde fått betre rettleiing frå staten. Det ser retten bort frå:

«Det må kunne forventes at næringsdrivende setter seg inn i regelverket for harmoniserte standarder og brannklasser», heiter det i dommen.

Måtte trekkje produkt

Huseigarar over heile landet har dei siste åra kjøpt trepanelet Møre Royal produsert hos Talgø i Møre og Romsdal.

Panelet kan spikrast rett på ytterveggen og treng verken beis eller måling.

Men vinteren 2021 var det full stopp. Produktet blei trekt frå marknaden fordi staten meinte branneigenskapane ikkje var i tråd med merkinga til fabrikken.

I ettertid har Talgø gjort nye branntestar og endra merkinga av trefjølene.

Todalen med Talgø Møbelfabrikk

Talgø ligg i Todalen i Surnadal.

Foto: Picasa 2.7

Publisert 15.01.2025, kl. 10.23 Oppdatert 15.01.2025, kl. 10.40

Read Entire Article