– Det var her det skjedde.
Astrid visar veg inn til brukarrommet i Oslo. Her kan rusavhengige røyke heroin eller setje sprøyter i trygge omgivnadar, kvar dag frå klokka 9 til 22.
Det var her ho nesten mista livet.
– Det er utruleg fint å ha blitt redda og fått tilbake livet mitt. Og eg er livredd at noko sånt skal skje meg igjen. Derfor er dette rommet så viktig, fortel ho.
3093 narkotikaoverdosar der folk har overlevd vart registrert i fjor. 338 personar døde.
Til samanlikning mista 118 personar livet i trafikken i fjor.
Dette er ein tydeleg auke, samanlikna med dei to siste åra. I 2021 var det 1903 registrerte overdosar der folk har overlevd. I 2022 var talet 2453.
– Gjekk ned for full teljing
Astrid er i dag 59 år gamal, men ho begynte å ruse seg da ho var 11. Ho har sjølv mista mange til overdosar.
I haust var det også like før det gjekk gale for hennar eige del.
Det var inne på dette brukarrommet at Astrid nesten mista livet av ei overdose.
Foto: Jorunn Hatling / NRKSom mange andre vart Astrid lurt av pillene ho kjøpte på gata i haust. Ho trudde ho kjøpte det angstdempande legemiddelet Xanax. I staden var det etter alt å døme det syntetiske, potente dopet fentanyl.
– Eg svelgde dei, så venta eg til dei begynte å virke lite grann. Og det sekundet eg sette meg, gjekk eg ned for full teljing.
Astrid hadde tatt ei overdose.
– Det var ein ganske dramatisk situasjon. Det sette ein stor støkk i meg. Eg har familie, eg har ikkje lyst til at dei skal finne meg død med ei sprøyte i arma, seier ho.
Astrid har barn og barnebarn. Derfor fortel 59- åringen sin overdosehistorie anonymt.
Da Astrid tok overdosen inne på brukarrommet i Oslo, vart ho henta av ambulanse og fekk livreddande hjelp.
– Eg var jo klinisk død, seier ho.
– Kva hadde skjedd med deg om ikkje du var på det rommet?
– Eg hadde vore «six feet under», seier Astrid.
Astrid har familie og vil ikkje stå fram med fullt namn.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKNye tiltak i alle kommunar
– Det er skremmande og bekymrande, seier Jacob Linhave, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, om dei nye tala.
På grunn av den enorme auka av overdosar, vil Helsedirektoratet no sette inn fleire nye tiltak over heile landet.
– Overdosar er noko som skjer i alle landets kommunar og fylke. Ein må innarbeide dette godt i planane på korleis dei skal drive førebyggjande arbeid.
Linhave påpeiker at kommunanes kriseteam har eit ansvar for å gå inn og følgje opp når det skjer ein overdose.
– Dette veit vi er kjempeviktig. Risikoen for overdosar i nære relasjonar er stor etter at ein har mista nokon.
Nasespray som reddar liv
I dei største byane finst allereie fleire av tiltaka som Helsedirektoratet vil at alle kommunar no skal ha.
Uteseksjonen i Oslo har alltid med seg Nalokson nasespray, ei motgift som blir delt ut til misbrukarar for å unngå overdosedød.
– Den har vore livreddande i fleire situasjonar eg har vore i. Vi har ingen å miste, seier Christoffer Røed, spesialkonsulent i KORUS Oslo.
Han har jobba som koordinator for Nalokson-prosjektet i Oslo og Sør-Øst Noreg sidan februar. Før det jobba han mange år i Uteseksjonen, og var ute i rusmiljøa for å dele ut nasesprayane.
– Det som er det viktigaste her, er at det ikkje erstattar 113-kontakt. Så ring 113, begynn førstehjelp, og spray éin gong i kvart nasebore.
Her testar dei stoff hos foreininga Tryggare Ruspolitikk.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKNye syntetiske stoff
Dagfinn Hessen Paust, fagansvarleg i foreininga Tryggare Ruspolitikk, trur årsakene til auka i overdosar kan vere samansett.
– Vi har sett det siste halvanna til to åra at det har vore ei veldig kraftig auke i dødsfall knytt til nye syntetiske opioid av typen nitazener, som er veldig potente og farlege, seier han.
Hos Tryggare ruspolitikk kan folk komme inn for å få testa stoffet sitt. Han fortel at tenesta deira er etterspurt.
– Folk ønskjer å vite kva dei puttar i kroppane sine om dei bruker rusmiddel. Har dei den moglegheita, så nyttar dei seg av den.
Hos Tryggare Ruspolitikk kan folk kome inn for å få testa stoffet sitt.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKHessen Paust legg til at det ikkje er sjølve analysane som er det viktigaste med tilbodet deira.
– Det at vi får møtt menneska og snakka med dei, og spurt om deira vanar rundt rusmiddelbruk og informert om eventuelle ting dei gjer som er risikofylt. Det opplever vi kanskje har den aller største nytteverdien.
– Ein evig jobb
Astrid meiner Helsedirektoratets tiltak for kommunane ikkje er nok. Ho skulle ønskje det var fleire tilbod, også utover natta.
– Det hjelp jo så lite, etter eit visst klokkeslett så stenger dei, ikkje sant. Det er mykje ting som skjer ute på natta.
Ho har eit håp om å klare å bli rusfri.
– Det er ein evig jobb. Eg kjempar og prøvar så godt eg kan å bli rusfri, heile tida. Det viktigaste er å bli høyrd og sett, seier Astrid.
– Eg hadde aldri rusa meg i så mange år, hadde det vore «easy peasy» å slutte. I alle fall ikkje med barn og barnebarn. Så det seier kor stor kraft og makt det får over deg. Det er ganske skremmande, altså. Draumen er jo ikkje å vere her, langt ifrå.
Astrid begynte å ruse seg da ho var 11 år. Her er ho ved minnesmerket for Plata – Oslos opne rusmiljø frå 1998 til 2004.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKPublisert 05.12.2024, kl. 05.59