Vart vedteke i EU vinteren 2018-2019, med trådte i kraft i 2021. Blir kalla Rein Energi-pakken.
Den består av åtte rettsakter, altså direktiv og forordningar, blant dei:
- Eit fornybardirektiv som lovfestar at minst 32 prosent av energimiksen skal vere fornybar innan 2030. Det legg også opp til raskare konsesjonsprosessar for utbygging av fornybar energi, og som er blant årsakene til at akkurat dette direktivet har skapt mykje rabalder i Noreg.
- Eit energieffektiviseringsdirektiv med mål om minst 32,5 prosent energisparing innan 2030.
- Eit direktiv for energisparing i bygg.
- Eit elmarknadsdirektiv.
- Ei revidert forordning for energibyrået Acer (Agency for the Cooperation of Energy Regulators – byrået for samarbeid mellom reguleringsmyndigheter), som får ei større rolle og meir makt.
Det tok ti år før EUs tredje energipakke, frå året 2009, vart innlemma i EØS-regelverket. Den vart ein del av norsk lov i 2019.