Støre og helse­ministeren jublar over at helse­køen går ned: – Rimeleg provo­serande

4 months ago 24


Å få ned ventelistene har vore Jan Christian Vestre sitt store prosjekt som helse- og omsorgsminister.

I mai lova han ei milliardsatsing, med namn «ventetidsløftet», for å få ned køane på sjukehusa i landet.

Og i ei direktesending på Facebook, publisert på fredag førre veke, jublar statsminister Jonas Gahr Støre og Vestre at ventelistene i helseteneste har gått ned.

– Det er utruleg hyggeleg opp under jul å sjå at no er trenden broten, det er på veg ned, rett veg og rett kurs, seier Jonas Gahr Støre.

– Vi visste då vi sette i gang ventetidsløftet at det kom gå litt opp, også kome ned igjen. Og det er det brotet som på har kome, seier Støre vidare i videoen.

Vestre fortel at ventetida på sjukehusa i november i år, var like lang som i fjor.

– Det viser at ventetidsløftet verkar, seier Vestre.

Men ved å ta nærare titt på tala frå Folkehelseinstituttet, viser det seg at ventetidene faktisk er høgare nå enn i november i fjor.

Dei har berre auka mindre enn det dei gjorde for ein månad sidan.

(Sjå heile videoen til Støre og Vestre nedst i saka).

Feirar at trenden snur

Frå november i fjor og til november i år auka ventetida frå 75,1 til 75,5 dagar i snitt på landsbasis.

Helseminister og Ap-nestleder Jan Christian Vestre

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Vi feirar at vi er i ferd med å snu den trenden, og at veldig mange tal no peikar i positiv retning, seier Vestre til NRK.

Vestre meiner at det nå er lagt eit godt grunnlag for at dei skal få til ein markant reduksjon av ventetidene gjennom 2025.

Han forklarer at helsekøen for langtidsventande og fristbrot går ned. I tillegg har dei fått ei gjennomsnittleg ventetid for ventande som er fire dagar kortare enn i fjor.

– Det betyr også at gjennomsnittstala for starta helsehjelp kan gå ned dei neste månadene. Det har eg tru på at vi skal få til, med hard innsats, seier han.

– Fullstendig uakseptabelt

Leiaren i Stortingets helse- og omsorgskomité, Tone Wilhelmsen Trøen (H) meiner at ventetidene i helsetenesta har gått i taket under Støre-regjeringa.

– Pasientar ventar i snitt to veker lenger, og 260.000 menneske står i helsekø. Det er fullstendig uakseptabelt, seier ho til NRK.

Lederen i Stortingets helse- og omsorgskomite, Tone Wilhelmsen Trøen (H).

Leiaren i Stortingets helse- og omsorgskomité, Tone Wilhelmsen Trøen (H).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ho meiner fleire hundretusen pasientar får sett liva sine på vent på grunn av politikken deira.

– Det er rimeleg provoserande, seier ho.

Ho viser til at det finst ledig kapasitet hos private som denne regjeringa ikkje nyttar seg av.

– Det er heilt meiningslaust, og eg meiner det skaper ei todelt helseteneste der folk kjenner seg tvinga til å betale av eiga lomme, seier ho.

Dersom Høgre vinn valet neste år, blir noko av det viktigaste for partiet å gi pasientar rask og god hjelp, fortel Trøen.

– Difor skal vi kjøpe meir ledig kapasitet hos private, styrke sjukehusøkonomien og gi sjukehusa betre betalt for å behandle fleire pasientar. Ingenting av dette har Støre-regjeringa levert på, meiner ho.

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre og statsminister Jonas Gahr Støre fortel at helsekøen er kortare på ein Facebook-live fredag 13. desember. Tal frå FHI viser at helsekøane er lengre.

Publisert 16.12.2024, kl. 21.55

Read Entire Article