Støre om straumstriden: – Best om Sp held fram i regjering

3 months ago 17


– Sjølv om denne saka har fått mykje omtale, endrar ikkje det det faktum at vi jobbar godt med denne saka i regjering for å finne ei løysing.

– Eg meiner det er best at Senterpartiet held fram i regjering, seier Støre.

Tre EU-direktiv har det siste døgnet skapt så mykje dramatikk at Senterpartiet vurderer å gå ut av regjeringa.

Det har vore hektisk møteverksemd i begge regjeringspartia det siste døgnet, etter at EU-sprengstoffet kom på bordet under regjeringskonferansen torsdag ettermiddag.

Arbeidarpartiet (Ap) og Senterpartiet (Sp) står på kvar side i ein svært betent straumstrid:

Ap vil ta inn tre direktiv frå EUs fjerde energimarknadspakke (som inneheld i alt fire direktiv og fire forordningar) i norsk rett:

– Dette er positive og viktige direktiv for norsk samfunn og næringsliv, seier Støre.

Peiker på norske flyselskap

Han meiner det rett og slett vil vere negativt for norsk næringsliv og konkurransekraft å ikkje innføre dei.

Statsministeren peiker blant anna på at norske flyselskap, som til dømes Norwegian, risikerer å måtte betale meir for flydrivstoff enn sine europeiske konkurrentar, om Noreg ikkje innfører fornybardirektivet.

– Det kan føre til tap av pengar og utflytting av norske flyselskap til andre land. Det er ikkje ønskjeleg, seier Støre.

Men det har Sp sagt tvert nei til desse direktiva.

Sjølv om partileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner det er mogleg å finne ei løysing i samarbeid med Ap, er store deler av bakkemannskapet i Sp klare på å den einaste logiske løysinga på straumdramaet er ein «Sp-exit».

Under sterkt press

Regjeringa har blitt pressa av EU-kommisjonen i ei lengre periode om å ta inn fjerde energimarknadspakke i norsk rett.

I utgangspunktet sette kommisjonen ein slags frist i august i fjor, men det er altså først denne veka at deler av den har komen opp til behandling i regjeringa.

Ap meiner tida no er inne, fordi dei er opptekne av å halde seg inne med EU i møte med USAs nye president, som truar med handelskrig. Frykta er at Noreg skal hamne utanfor EU sine tollbarrierar i ein slik situasjon.

Sp ønskjer på si side ikkje å knyte Noreg tettare EU sin kraftmarknad, og meiner at dersom dei går med på desse tre direktiva no, så vil Ap alliere seg med Høgre etter stortingsvalet og innføre dei resterande, og kanskje meir omstridde delane av energimarknadspakken.

Publisert 24.01.2025, kl. 16.23 Oppdatert 24.01.2025, kl. 16.44

Read Entire Article