Svalt seg ned seks kilo for sigeren: – Det var ikkje sunt

12 hours ago 4


Men sigeren kosta krefter både fysisk og psykisk for Knut Peder «KP» Gransæther.

– Det blir veldig deileg å ikkje trenge å snakke rundt det lenger, seier ein letta vinnar til NRK.

Etter at finalen no er lagt ut i NRK TV, kan vinnaren endeleg vere ærleg om alt som skjedde under innspelinga.

Det har ikkje berre vore enkelt å halde på hemmelegheita i månadsvis.

– Folk spør om alt mogleg, som om vinnaren får ein pokal eller noko. Det har blitt mange kvite løgner, og eg håpar alle kan tilgje meg for det, seier han med eit smil.

Gjekk ned fleire kilo

Sjølv om det var god stemning og mange flotte menneske, legg ikkje vinnaren skjul på at opphaldet var ekstremt tøft for kroppen.

Deltakarane var svoltne heile tida og «KP» fortel at han gjekk ned 6 kilo på berre 12 dagar.

– Det er ikkje veldig sunt. Halvvegs i opphaldet måtte eg be om ei pute til sitjeplassen min fordi rumpa byrja å gnage, fortel han.

en mann som smiler med vann i bakgrunnen

Knut Peder Gransæther på øya der serien blei spelt inn.

Foto: Kjetil Solhøi

Dramatisk finale

Finalen blei prega av høgt drama då deltakarane måtte byrje å ofre kvarandre. Vinnaren skildrar den siste dagen som ei blanding av uvisse og tøffe val.

– Eg følte meg ganske drit då eg blei «backstabba» litt på den siste dagen, seier han.

Likevel enda det med siger etter ein intens konkurranse mot Emil Solli-Tangen.

– Emil slo meg ikkje ut då han hadde sjansen, og det er eg takksam for. Vi har fått eit veldig tett forhold i ettertid og snakkar saman ofte, seier han.

Tilbake til kvardagen

Sjølv om svolt og kulde prega opphaldet, sit vinnaren att med viktige erfaringar.

Han meiner at det sosiale er vel så viktig som praktiske ferdigheiter i ein krisesituasjon.

– Å overleve saman handlar ikkje berre om kva du kan, men veldig mykje om korleis du har det sosialt. Det er minst like viktig som kunnskapen om å klare seg åleine, meiner «KP»

No ventar kvardagen som programleiar i «FlippKlipp», men vinnaren utelukkar ikkje at vi får sjå han i andre TV-samanhengar framover.

Publisert 25.04.2026, kl. 08.21

Read Entire Article