Sydpolfarar frå Hardanger avbryt ekspedisjonen: – Dramatisk

4 months ago 20


– Han skriv sjølv at det var dramatisk å svime av på Sydpolen. Det skal ein ta på største alvor.

Det seier Rune Mo-Bjørkelund.

Han er kommunikasjonsansvarleg for Arne-Kristian Teigland, som i 20 dagar har vore på veg mot Sydpolen.

Arne-Kristian Teigland har mykje erfaring med lange turar under ekstreme forhold. No ønskjer han å utfordre seg sjølv ved å bli verdas raskaste skiløpar over Antarktis.

Arne-Kristian Teigland før ekspedisjonen sette i gong.

Foto: Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK

Men torsdag kveld norsk tid måtte han legge frå seg skistavane.

– Etter ein litt dramatisk 2. januar, fekk han eit illebefinnande då han var ute og gjekk på ski.

– Han svima rett og slett av på isen, og vakna opp med at han ser inn i sine eigne skituppar. Og det skal jo ikkje skje, fortel Mo-Bjørkelund.

Teigland var medvitslaus ein kort periode, og rakk å bli kald og nedkjølt.

AK Teigland / instagram

Teigland etter sju dagar og 345,3 kilometer på isen.

Foto: AK Teigland / instagram

Skal få helsesjekk

Polfararen fekk opp teltet og venta i 21.30-tida norsk tid på å bli plukka opp og flydd til basen Union Glacier der han skal få medisinsk oppfølging og helsesjekk.

– Han har det etter forholda bra, seier Mo-Bjørkelund til NRK.

Familien i Noreg er varsla, opplyser Lars Ebbesen, som koordinerer ekspedisjonen.

AK Teigland i Antarktis

På veg over Sydpolen.

Foto: AK Teigland / Instagram

Få dagar att

Det var nokre få dagar og rundt 200 kilometer att av ekspedisjonen, får NRK opplyst.

Det medisinske personellet ved basen har følgd polfararen undervegs i ekspedisjonen med legesjekkar meldt inn via satellitt, fortel Mo-Bjørkelund.

– Dei fleste som skal til Sydpolen flyr ut frå Chile og oppheld seg på basen i Union Glacier eit par dagar før dei startar ekspedisjonen sin, seier han.

Han meiner det er bra at Teigland avsluttar når det er fare for liv og helse.

– Det er ingenting som er verdt at det går på bekostning av det. Så er det sjølvsagt keisamt når ein har brukt så mykje tid og innsats på å førebu seg godt.

I desember skal Arne-Kristian Teigland prøve å sette rekord som raskaste mann over antarktis.

Arne-Kristian Teigland fotografert i 2023.

Foto: AK Teigland

Publisert 02.01.2025, kl. 21.45 Oppdatert 02.01.2025, kl. 22.16

Read Entire Article