Talet på skirenn nærmast halvera på 10 år: – Nå begynnar det å blinke raudt

2 months ago 17


– Det er eigentleg ganske dårleg, for me går veldig mykje på ski, seier ein nedstemt Jacob Sterner.

Kameraten hans, Even Dale bryt også inn;

– Ja, eg er faktisk ganske einig, sidan det er veldig morosamt. For ein kan kome seg ut litt og leike med vennene sine.

Færre skirenn enn for ti år siden.

Dei to unge skiløparane, Jacob Sterner (t.v) og Even Dale, meiner dei mistar mykje sosialt med færre skirenn.

Foto: Håkon Lie / NRK

Tal NRK har henta ut visar at talet på skirenn nærmast har blitt halvert på 10 år.

Dette gjeld skirenn for barn og unge, men også turrenn. Lysløyperenn, klubbrenn og karusellrenn er ikkje teke med i teljinga.

Fryktar for rekrutteringa

I sesongen 2014–2015 var det 648 terminfesta renn, ifølgje terminlista til Norges Skiforbund.

Ti år seinare er det redusert til 363 renn.

På Jarseng i Skien har både dei unge, men også trenaren merka at det har blitt færre skirenn.

– Tidlegare var det ein kamp om å få plass i terminlista. Det er det ikkje lengre, seier skitrenaren til IF Ørn, Olav Risholt.

Han fryktar at færre renn i nærmiljøet vil gå utover rekrutteringa.

Bildet viser skitreneren, Olav Risholt som peker. han har blå jakke, blå lue og en buff dratt godt opp i halsen.

Terminlista tynnast ut, det merkar også skitrenar, Olav Risholt.

Foto: Håkon Lie / NRK

– Blinkar raudt

– Eg trur dette er det tydlegaste teiknet eg har sett på kva utfordringar langrennssporten står overfor, også i Noreg, seier TV2s langrennsekspert, Petter Skinstad.

Han meiner dette er noko heile ski-Noreg må ta på alvor.

Nå begynnar det å blinke raudt, meiner han.

Bildet viser et portrettbilde av Petter Skinstad. han har på blåstripete lue og briller.

BEKYMRA: TV2s langrennsekspert, Petter Skinstad er bekymra over NRKs funn. Han fryktar at nasjonalsporten blir ein eliteidrett.

Foto: Geir Olsen / NTB

Skinstad seier at langrennssporten på ingen måte er daud, men peikar på fleire faktorar han trur er grunnen.

– Dette fortel meg at det kanskje er færre barn og ungdom som konkurrerer. Det fortel meg at klima har endra seg. Det fortel meg at koronapandemien trefte langrennssporten hardt. Det fortel meg også at dugnadsånda er i ferd med å få seg eit skot for baugen.

Også NRKs langrennsekspert, Fredrik Aukland syns det er ei negativ utvikling for langrennssporten.

– Når det blir færre renn, visar det også at det er færre lokale miljø og færre eldsjeler som gjennomfører konkurransar. Og då er det færre arenaer ein kan rekruttere langrennsløparar til.

NRK-eskpert Fredrik Aukland i mixed-sone.

NRKs langrennsekspert, Fredrik Aukland kunne ynskja at utviklinga gjekk i ein annan retning.

Foto: Ole Martin Wold

Bekymra for utviklinga

– Me er sjølvsagt bekymra over utviklinga, på at det har blitt færre renn, seier Brit Baldishol, leiar for breidde, rekruttering, utvikling og utdanning i Norges Skiforbund.

Bildet viser et portrettbilde av Brit Baldishol som jobber i Norges skiforbund. hun har rosa t-skjorte og mørkt hår.

PEIKAR PÅ FLEIRE ÅRSAKER: Brit Baldishol i Norges Skiforbund seier dei har sett på ulike årsaker til at det blir færre renn.

Foto: Norges skiforbund

Dei har sett på årsaka til at det blir færre renn. Ho peikar på tre grunnar:

  • Slit framleis etter koronaen
  • For vanskeleg og komplisert tidtakarsystem
  • Mange sentrale funksjonærar har slutta

Baldishol seier skiforbundet har sett i gang eit prosjekt dei kallar for «Skiløftet», som skal hjelpe klubbar når det gjeld frivillig arbeid, arrangement, leiing, trenarar og på anlegg.

For proft frå tidleg alder

– Eg trur det er viktig at me innser at langrennssporten kanskje har vekst seg litt for stor og litt for profesjonell, seier ein engasjert Petter Skinstad.

Han meiner det handlar om haldningsskapande arbeid.

At skirenn med 50 deltakarar også kan vere ei kjempeoppleving.

– Me har gjort oss sjølv litt for gode til at breidda i Noreg greier å henge med. Og då utviklar seg etter kvart til ein slik by-idrett. Slik at dei fleste av skiløparane vil bu i Oslo og Trondheim.

Bildet viser flere skiløpere i blå jakker som står på linje, mens de blir instruert av skitreneren i blå jakke som peker.

FOKUS PÅ LEIK: På skitreninga til IF Ørn er det leik og skiglede som er fokus.

Foto: Håkon Lie / NRK

Skiforbundet delar Skinstad si bekymring.

– Me ynskjer at det skal vere lågterskeltilbod. Me jobbar med skiklubbutviklarar for å lage aktivitetar som ikkje skal vere dei proffe tilboda. Me er opptekne av å skape aktivitetar som er meir tilrettelagt for leik og moro, seier Baldishol.

Hei!

Takk for at du les. Har du tips eller innspel til saken eller andre ting me bør skrive om? Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 11.02.2025, kl. 15.53

Read Entire Article