Tangen meiner Oljefondet kan tene meir med Trump

3 months ago 31


Tangen er på plass i den sveitsiske fjellbyen Davos, og menger seg med resten av verdas mektigaste, som er samla for det årlege møtet i World Economic Forum.

– Eg trur dette kan bli bra. Amerikanske bedriftsleiarar er veldig optimistiske, svarer Tangen på spørsmål om kva Donald Trump vil bety for Oljefondet.

– Go go, gorilla, seier Tangen om tilbakemeldingane han får frå folk over Atlanteren.

Og det har reaksjonane i børsmarknaden vist. Etter at Trump vart valt i fjor haust, har det vore børsoppturar. Det same skjedde då Trump vart valt som president i 2016.

– Mykje meir fart i økonomien

Tangen er ikkje så uroa over verdas mektigaste mann som mange andre. Tangen meiner Oljefondet har gode tider i møte med USAs 47. president bak roret.

– Når vi snakkar om Trump er det viktig å skilje klart mellom dei reint finansielle konsekvensane og tiltaka som går på samfunnsstrukturen, som det jo er lett å vere ueinig i, seier Tangen.

– Kvifor vil det bli så bra finansielt?

– Det vil bli mindre reguleringar, som vil gjere det enklare å slå saman selskap og drive fram kunstig intelligens. Han vil få mykje meir fart på den amerikanske økonomien.

– Er vi i overkant skeptiske til Trump?

– Noreg er visst nummer 5 i verda kor vi misliker Trump mest, og det har nok mykje med politikken å gjere, som vi er ueinige i.

– På kort sikt vil tiltaka hans føre til større vekst, som er positivt for aksjemarknaden. På lengre sikt er tiltaka negative for samfunnet, og importrestriksjonar kan dra opp prisveksten på sikt, seier Tangen.

Kan dra ned veksten i Europa ytterlegare

Og ikkje minst trur Tangen at Trump er dårleg nytt for Europa.

I heile haust har debatten rast: kva skal Europa gjere for å ikkje hamne heilt i bakevja for dei økonomiske motorane USA og Kina? Korleis skal Europa betre si konkurransekraft?

– Eg er redd for at Trump berre vil bidra til å aksellerere skilnaden mellom Europa og USA. Større vekst i USA, i tillegg til tollar og eksportavgrensingar, kan vere med på å dra ned den økonomiske veksten i Europa ytterlegare, seier Tangen.

Publisert 21.01.2025, kl. 10.42 Oppdatert 21.01.2025, kl. 10.57

Read Entire Article