Ei kvinne i Kristiansund har fått uvanleg godt betalt for den gamle bilen sin, og sit igjen med ti gonger så mykje som ho hadde rekna med.
Eigentleg ville ho ha 40.000 kroner for Audien sin. Men då pengane skulle overførast, bomma kjøparen på tala.
Dermed betalte dei 400.000 – i staden for 40.000 kroner.
Men det var ikkje så enkelt å få tilbake pengane, og no skal kvinna ha gått under jorda. Dermed har feilen blir veldig dyr for bilforhandlaren som kjøpte bruktbil i Kristiansund.
– I dette tilfellet burde seljar forstått at det var i overkant, skriv Jonathan Parr hos Rebil Mobility.
Selskapet kjøper og sel rundt 5000 bilar i året, og har aldri før opplevd å betale fleire hundre tusen kroner for mykje.
Jonathan Parr hos bilforhandlaren Rebil Mobility.
Foto: Gustav Brandbyge- Bruktbilkjøpet kan fort koste deg meir enn du trudde: Trudde ho kjøpte draumebilen – enda i gjeldsklemme
Kilometerstand: 179.000
I kjøpekontrakten står det at bilen nærmar seg stygt 180 000 kilometer, og bør inn på service snarast råd. Det står også at det er rust på bagasjeluka og ein hjulbue, nokre riper på høgre sida bak, og ein skade framme:
«Foran på panseret er en bitteliten bulk. Kjenner at det rister litt litt foran på høyre side når hun bremser».
Det står også at den avtalte kjøpesummen er 40.000 kroner.
Bilen blei første gang registrert i 2010.
Hamnar i retten
Nyleg gjekk selskapet til Møre og Romsdal tingrett med saka.
Kvinna skal ikkje ha svart på faktura om tilbakebetaling eller på purringar. Det skal heller ikkje ha vore mogleg å nå henne på andre måtar.
Rebil Mobility krev difor å få ta arrest i 364.875 kroner – som dei meiner ho skuldar dei. Dette har dei fått medhald i.
I avgjerda frå retten heiter det:
«Det vises her særlig til at hun til tross for fakturakrav og gjentatte purringer ikke har tilbakebetalt beløpet og det heller ikke har vært mulig for saksøker å oppnå noen form for kontakt med henne.»
I retten blei det lagt fram dokumentasjon på kjøpekontrakten og overføring av 400.000 kroner.
Utskrift frå Vegvesenet viser at kvinna selde bilen sin til Rebil Mobility i oktober 2024.
Foto: skjermdump frå Vegvesenet- Eitt bilmerke skil seg negativt ut: Tesla overrepresentert på klagestatistikken
Måtte ha hjelp av namsmannen
Heller ikkje Møre og Romsdal tingrett har fått tak i kvinna for å fortelje at bilfirmaet har krav på å få tilbake pengane sine. Administrasjonen stadfestar at dei måtte be namsmannen om hjelp til å få forkynt avgjerda for henne tidlegare denne veka.
Kvinna har ikkje svart på tekstmelding eller oppringing frå NRK.
– Vi håper å ta kvarandre i handa og at saka løyser seg så raskt som råd, skriv Jonathan Parr i Rebil Mobility til NRK.
Han skriv vidare at feilen ikkje får konsekvensar for den tilsette som tasta feil, og svarar ikkje på om saka er pinleg for selskapet.
Publisert 16.01.2025, kl. 12.59 Oppdatert 16.01.2025, kl. 13.11