Torsdag stod Magnus Stangeland tiltalt i Hordaland tingrett. Statens naturoppsyn «tok han på fersk gjerning» ved eit ulovleg garn ved Stolmen i Austevoll i fjor sommar.
83-åringen erkjenner straffskuld for at garnet var umerka og stod ulovleg høgt i sjøen, slik at det kunne fanga villaks.
Men han erkjenner ikkje straffskuld for ein frosen laks som han prøvde å skjula for politiet.
Magnus Stangeland frå Austevoll var stortingsrepresentant for Senterpartiet i tolv år (1985-1997). Han var også toppleiar i verftsindustrien. Han vedgår straffskuld (arkivfoto).
Foto: Mette Anthun / NRKVil inndra båtane
– Dette handlar ikkje berre om éin laks og eitt ulovleg garn. Villaksen er ein truga art, sa aktor Kjetil Linge Tomren i retten.
– Forholdet er ikkje det mest alvorlege i verda, men heller ikkje bagatellmessig, sa han.
Det er ulovleg å fanga villaks og vill sjøaure med garn i Noreg. Strafferamma vart i 2020 heva til 5 år for grove tilfelle.
Aktor meiner Stangeland bør bli dømd til 30 dagars fengsel på vilkår for å ha plassert garnet umerka og ulovleg høgt i sjøen med vilje.
Aktor ber også retten inndra 410.000 kroner – verdien på dei to båtane Stangeland kan ha brukt til å setta ut og ta inn det ulovlege garnet.
I tillegg meiner han at Stangeland bør få 20.000 kroner i bot for at han «underslo» den frosne laksen og prøvde å skjula den for politiet.
Aktor viste til at Stangeland er «ein halden mann» med 1 million i årsinntekt og 33 millionar i formue.
Det ulovlege garnet var tomt, bortsett frå éin lyr. Tre dagar før fann naturoppsynet eit anna ulovleg garn 120 meter unna, med 12 kilo villaks i.
Foto: Statens naturoppsynOppsynsmann: – Veldig grovt tilfelle
Rune Mikkelsen i Statens naturoppsyn (SNO) var den som oppdaga det ulovlege garnet og at Stangeland kom dit på morgonkvisten 20. juni 2023.
I vitneboksen sa han at truga laksestammer i Hardanger vandrar inn til norskekysten og forbi Austevoll akkurat rundt sankthans-tider. Derfor reagerte Mikkelsen spesielt på funnet.
Slik flaut det ulovlege garnet i overflata då Statens naturoppsyn oppdaga det. Mikkelsen tenkte dette tilfellet var veldig grovt, på grunn av tidspunktet, staden og fiskereiskapen.
Foto: Statens naturoppsyn– Dette var det mest kritiske tidspunktet ein kan tenka seg, og midt i innvandringsmønsteret.
– Når bestandsnivået er så kritisk lågt som nå, kan privat garnfiske ha innverknad på om ein laksestamme overlever, sa Mikkelsen.
Han kalla det lite sannsynleg at dette garnet var tenkt å stå djupt i sjøen, fordi det stod svært nær land, og med mange store og små blåser til å halda det oppe.
– Det er teknisk eigentleg komplett umogleg å forstå at garnet var planlagt nedsenka, slik Stangeland forklarte til meg, sa Mikkelsen.
Rune Mikkelsen i Statens naturoppsyn meiner alle blåsene tydde på at garnet var meint å flyta i overflata.
Foto: Statens naturoppsynPrøvde å gøyma frosen laks
Då politiet seinare same dag ransaka heime hos Stangeland, fann dei ein frosen laks. Den hadde han like før prøvd å gøyma under ein busk i hagen.
– Eg var vel litt i sjokk og panikk. Eg burde ikkje gjort det, sa han i retten.
Han forklarte at denne laksen hadde gått i eit lovleg plassert trollgarn ein gong tidlegare. Stangeland avviste at han nokon gong har fiska ulovleg etter laks med garn.
Aktor understreka at også viss ein uforvarande får vill laks eller aure i garnet, skal ein kasta den ut att, sjølv om den er daud.
– Skulle fiska lyr, ikkje laks
Stangeland forklarte at han junikvelden i 2023 hadde tenkt å fiska etter lyr, og at han kjende lovverket og reglane som skal hindra at villaks går i garnet.
– Som tidlegare stortingsrepresentant, altså som lovgjevar, set eg meg inn i kva som er lov og rett. Eg er heilt klar på at me må bevara laksestammane, sa han.
Han hevdar han fekk trøbbel med å plassera garnet riktig, og valde å heller komma tilbake i dagslys neste morgon. Då stod naturoppsynet i skjul og venta.
– Eg beklagar sterkt at eg skulle komma i denne situasjonen å bli tiltalt for å ha fiska laks ulovleg. Eg vedgjekk med ein gong at det var mitt garn, så eg unndrar meg ikkje ansvar.
Denne båten kom Stangeland i då han vart oppdaga av naturoppsynet ved det ulovlege garnet. Aktor ber retten inndra verdien av båten.
Foto: Statens naturoppsyn– Nesten som å ta livet av meg
Forsvarar Marie Hessen Jacobsen meiner dette er ei feil sak å prosedera det prinsipielle med tjuvfiske på.
– Det er snakk om éin laks funne hos ein 83-åring, sa ho.
Aktor meiner også at Stangeland bør mista retten til garnfiske i to år.
Det reagerer Stangeland på.
– Det er nesten som å ta livet av meg. Det er fisket som gjer kvardagen verd å leva. Far min var fiskar. Eg har heile livet drive med heimefiske, altså til eige forbruk, sa han i retten.
Forsvararane la ned påstand om 15 dagars fengsel på vilkår og maksimalt 10.000 kroner i bot. Dei avviste påstanden om å inndra båtane, og bad retten la 83-åringen behalda retten til garnfiske.
Dommen er venta neste veke.
Førre gong Stangeland var i media, hadde han overlevd ei natt etter å ha falle overbord på fisketur:
Publisert 06.12.2024, kl. 12.03