Våren er her! Med andre ord, det er høgsesong for bruktmarknader der brukte klede blir levert inn over ein låg sko.
Det er godt for både miljøet og lommeboka å selje klede lokalt. Likevel ber klesforskaren deg om å prøve å ta vare på kleda dine lengst mogleg.
Lokal klesfest er nest best
La oss først ta turen innom ein typisk bruktmarknad.
På Kulturhuset i Oslo flyt det over av posar med klede som skal seljast.
Marknaden blei starta i Berlin i 2012, før Gudrun Lium, Karoline Hestnes og Maja Ljungberg Bjåland tok over i 2017. I åtte år har dei arrangert marknad i Norge, rundt ti marknader i året.
Foto: Ingvild Haugan Shrivastava / NRK
Marknaden blei starta i Berlin i 2012, før Gudrun Lium, Karoline Hestnes og Maja Ljungberg Bjåland tok over i 2017. I åtte år har dei arrangert marknad i Norge, rundt ti marknader i året.
Foto: Ingvild Haugan Shrivastava / NRK
Meir lokalt gjenbruk er blant forslaga til kva rike byar kan gjere for å få ned tekstileksporten til fattige land.
– Unge folk elskar vintageshopping, dei kjøper masse brukt!
Abishanth Jeybalan (17). Han har jobba med vintage sidan han var 14 år gammal.
Foto: Ingvild Haugan ShrivastavaEkteparet Miriam Ekeholt og Vorya Naqshbandi har også stilt med salsbod på marknaden i dag.
Dei sel sine eigne klede.
– Fordi vi skal flytte og fordi han er ein «shopoholic», sier Ekeholt og rettar ein skyldig finger mot ektemannen.
– Vi sel klede vi ikkje brukar lenger. I tillegg liker vi at kleda sirkulerer. Vi sel berre brukte klede, forklarar ekteparet.
Det svenske ekteparet Miriam Ekeholt og Vorya Naqshbandi møttest i Oslo for sju år siden. I dag har dei to barn og kjærleik for vintageklede til felles.
Foto: Ingvild Haugan Shrivastava / NRKVenninne Lucia Aragon har funne eit par solbriller. – Eit kupp! Ekte merkevare til ein billig penge.
Foto: Ingvild Haugan Shrivastava / NRK
Ikkje rydd vekk alt
Her i Norge er vi opptatte av å rydde vekk ting heile tida. Vi kastar og gir bort mykje. Det seier klesforskar Lisbeth Løvbak Berg.
Ho meiner vi heller burde spørre oss sjølv:
– Korleis kan eg bli glad i kleda mine igjen?
Lisbeth Løvbak Berg er utdanna klesdesignar ved Middlesex University i London. No forskar ho på berekraft og forbruk ved Oslo Met.
Foto: Ingvild Haugan Shrivastava / NRK
Lisbeth Løvbak Berg er utdanna klesdesignar ved Middlesex University i London. No forskar ho på berekraft og forbruk ved Oslo Met.
Foto: Ingvild Haugan Shrivastava / NRK
– Ta ein titt på jeans som har ligge for lenge i skapet. Er fasongen trendy igjen? Kva med å kombinere den med ein annan topp?
Det er denne kreative tankegangen Løvbak Berg saknar hos nordmenn.
– Vi har forsking som viser at første eigar av eit plagg brukar det mest. Dei tar gjerne best vare på det også.
– Kjøp klede som passar til den tiltenkte bruken, som du vil sette pris på i lang tid.
For å oppsummere skjebnen til det meste av brukt tekstil i Norge:
- 60 prosent av all brukt tekstil hamnar i søpla.
- Resten blir ofte samla i kleskonteinarar frå veldedige organisasjonar.
- Derfrå blir nesten alle kleda eksportert ut av landet, og mange av desse hamnar på avvegar.
– Systemet er ikkje laga for å handtere mengda av klede som kjem inn.
Forskaren hyllar initiativ som bidreg til lokalt sal av klede.
– Så lenge det ikkje blir et påskot til å kjøpe meir klede, berre!
Tekstil + søppelkasse = usant
Hamnar kleda dine i søpla heime, kan det vere du gjer noko ulovleg.
Det blei forbode 1. januar i år.
Likevel er forbodet såpass nytt at mange kommunar enno ikkje har fått på plass ei løysing for kvar forbrukarane skal gjere av tekstilavfall.
I tillegg varierer løysinga frå kommune til kommune.
Resultatet av den nye studien viser at cirka 65 prosent av det som blir kasta verken er øydelagt eller utslite, og har potensiale for meir bruk.
Kva om du har skittent tøy som faktisk må kastast?
– Ja, då kan det vere du må kaste det i restavfallet, fram til kommunen du bur i har fått ei ordning på plass, forklarar klesforskar Løvbak Berg.
– Det som alltid er viktigast, er å redusere mengda tekstilavfall, ved å bruke opp det du har.
Kva gjer du med klede du ikkje brukar lenger?
Hva er kryptovaluta? 02:13
Publisert 10.04.2025, kl. 16.31