Tertnes og Storhamar i cupfinale: I dag tek ein av dei sitt første NM-gull

4 months ago 22


Dei siste sju åra har Vipers Kristiansand tatt NM-gullet. I dag blir anten bergensarane eller hamarsingane cupvinnar for første gong.

Kampen blir spelt på Unity Arena på Fornebu kl. 14.00 i dag.

Begge har vore i cupfinalen tre gonger tidlegare. Storhamar spelte finale i 2023 (tap mot Vipers), og Tertnes spelte finale i 2016 (tap mot Larvik).

Tok seg overlegent til cupfinale

Begge laga tok seg overlegent til cupfinale i semifinalekampane 6. november.

Tertnes tok ein 30-19-siger på heimebane mot Byåsen. Medan Storhamar slo Oppsal 30–22 på bortebane.

Laga fekk ein forsmak på dagens cupfinale då dei spelte seriekamp 13. november i år. Då var det Storhamar som stakk av med ein knipen 29-28-siger.

Ifølgje oddsen er det Storhamar som er favoritt i dag.

 Storhamar (NOR) - Metz Handball (FRA) (29-29)

Storhamar leverte glimrande då dei spelte uavgjort mot det franske storlaget Metz tidlegare i haust.

Foto: Geir Olsen / NTB

Gode sjansar for Storhamar

Kenneth Gabrielsen, hovudtrenar for Storhamar, er klar på at dei møter eit godt Tertnes-lag i finalen.

Samstundes meiner han at dei har gode sjansar om dei held høgt nivå i dag.

– Treff vi toppnivået vårt så kan vi fort få ein tittel. Men vi er nøydde til å vere gode og opp mot toppnivå for å klare det. Slik er det i alle finalar.

Storhamars trener Finn Kenneth Gabrielsen

Storhamar-trenar Gabrielsen håpar på å reise heim med NM-gull i bagasjen.

Foto: Mikkel Berg Pedersen/Ritzau Scanpix / NTB

Dei har gjort sine førebuingar i framkant av kampen.

– Vi førebur oss godt på deira spel og kva dei er gode på. Vi må prøve å bremse styrkane deira, men vi har mest fokus på oss sjølve. Det er det viktigaste for ein god prestasjon.

Han legg ikkje skjul på at det hadde vore stort å ta med NM-gullet heim.

– Det er alltid gøy å vinne NM-gull. Om vi kan avslutte med ein tittel, hadde det vore fantastisk for laget, klubben og alle involverte.

Optimistisk Tertnes-trenar

Sjølv om Storhamar er favoritt er Tertnes-trenar Tore Johannessen optimistisk.

– Vi er opptatt av å få ut vårt beste i dag. Då meiner vi sjølve at vi har ein god sjanse til å henge med og kjempe om gullet.

Tore Johannesen

Tertnes-trenar Tore Johannessen har fokus på dei gode prestasjonane Tertnes har levert i haust.

Foto: Njal Arnar Johansen

Kampen blir spelt på Unity Arena på Fornebu med plass til 13.000 tilskodarar.

– Det er jo ein stor arena, som på ingen måte blir full i dag. Det å spele på ein så stor arena med litt lite folk. Det er annleis enn det vi er vande til. Men eg har forventingar om at vi presterer vårt beste, seier Johannessen.

Herre-finalistane møtast for tredje gong

På herresida møter regjerande meister Kolstad laget Elverum for tredje gong på rad. Elverum er i sin sjuande finale på rad.

Herrekampen mellom Kolstad og Elverum går også sundag kl. 16.15.

Publisert 29.12.2024, kl. 13.03 Oppdatert 29.12.2024, kl. 13.27

Read Entire Article