Therese Johaug vann Sentrumsløpet – tre månadar etter fødsel

2 hours ago 5


Årets showrenn i Mosjøen gjekk av stabelen laurdag.

Den mindre kjende bysprinten svingar seg gjennom dei smale, flate gatene i sentrum av metropolen Mosjøen, til stor glede for dei frammøtte.

Og når nærmare 50 løparar frå verdseliten i langrenn, kombinert og skiskyting stilte til start, vart det også duka for kaos.

Og aller mest kaos vart det når dei som ikkje kvalifiserte seg direkte frå kvartfinalen til semifinalen fekk ein ny sjanse i ein massestart.

– Det å komme først ut her er ein kjempefordel her da, sa kommentator på HBO Max, Jan Christian Bjørn.

22 menn starta likt i ei løype der det knapt går an å passere i. Dei bakarste har i prinsippet ingen moglegheit for avansement. Men dette er show.

– Det er stort, smart å rykke ned her og gå vidare, sa Oskar Opstad Vike etter ha vunne 22-mannssprinten, der berre førsteplassen gjekk vidare til finalen.

Der klarte han ikkje å hevde seg.

Julie Myhre vann i kvinneklassen. Johannes Høsflot Klæbo vann herreklassen.

– Det er det hardaste startfeltet vi har hatt i Mosjøen nokon gang, trur eg. Det var så brutalt, sa Klæbo til HBO Max etterpå.

Read Entire Article