Ti år etter Turøy-ulykka: Helikopter-tryggleiken blei endra

8 hours ago 1


– Det har aldri gitt heilt meining at ein propell og ein helikopterkropp skil lag.

Lasse Vasstveit ser på eit innramma bilde av pappaen Otto Mikal Vasstveit. Han var ein lang mann, så kjeledressen er litt for kort.

Eit innramma bilde av Otto Mikal Vasstveit i jobb-kjeledress på plattform. Vasstveit er lang, så kjeledressen er litt for kort.

Otto Mikal Vasstveit på jobb på plattforma.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Dressane var aldri lange nok, seier dottera Agate Vasstveit.

Det er ti år sidan ulykka som tok livet av tretten menneske rett vest for Bergen. Otto Mikael var ein av dei, på veg heim frå plattforma Gullfaks B.

Den turen skulle også få betydning for helikoptertrafikken i heile verda.

Feil i girboksen

Havarikommisjonen var raskt på plass same dagen, men arbeidet med den endelege rapporten var ikkje ferdig før over to år seinare.

Helikopterdelane etter Turøy-ulykka ligg strødd utover ein stor hall på Haakonsvern.

Delane ligg på golvet i ein stor hall på Haakonsvern i Bergen. Dette er berre nokre dagar etter at Havarikommisjonen har starta sitt lange arbeid.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / NTB,NTB

Kåre Halvorsen var den øvste ansvarlege for rapporten, og han hadde eitt mål: Finne ut korleis det nesten uforståelege kunne skje.

Korleis kunne rotoren losne frå helikopterkroppen?

– Den gongen girboksen blei laga, var krava slik at dei ikkje tok omsyn til moglege feil inni girboksen, seier Halvorsen.

Det er no endra. Ingen helikopter har denne konstruksjonen lenger. Turøy-ulykka sørga for tryggare helikopterproduksjon verda over.

Gir-del

Slik såg tannhjulet på ulykkeshelikopteret ut. Sprekken i midten førte til styrten.

Foto: Havarikommisjonen

– I dag er det ikkje lov å lage helikopter utan ein «fail safe»-funksjon, seier Halvorsen.

Det betyr at eit tilsvarande problem i girboksen ikkje skal føre til at rotoren losnar.

– Det har gjort ei stor forandring, vil eg seie.

Han skildrar luftfarta som ein konservativ bransje, men at endringa på dette punktet har gått «imponerande fort».

Kåre Halvorsen i Statens havarikommisjon

Kåre Halvorsen jobbar framleis i Havarikommisjonen. Han og kollegaene snevra raskt inn arbeidet mot rotoren og drivsystemet.

Foto: Ksenia Novikova

«Kunden sitt val»

Ulykkeshelikopteret var av typen Airbus H225 Super Puma. Det fekk forbod mot å fly i Noreg etter ulykka, men forbodet blei tatt vekk i juli 2017.

Luftfartstilsynet sa dette til NRK den gongen:

– Vi har heile tida stått fast på at vi skal oppheve flyforbodet når vi er sikre på at helikopteret er trygt å fly med. Resten av verda oppheva flyforbodet i fjor. No har vi fått gjennomslag for våre sikkerheitskrav hos det europeiske luftfartstilsynet, og no er det trygt å fly igjen, sa luftfarsdirektør Lars Kobberstad.

Ulykkeshelikopteret Turøy i lufta ein måned før ulykken

Bildet er tatt nokre veker før helikopteret styrta.

Foto: Erik Westrum

Men ti år etter Turøy-ulykka flyr framleis ikkje Airbus sine helikopter i offshorenæringa i Noreg.

Airbus svarer slik om at helikoptera deira framleis ikkje flyr til norske plattformer:

«Valet av helikopter som opererer offshore kor som helst i verda, er kunden sitt val, noko vi naturlegvis respekterer. Sjølv om det ikkje er slik i Noreg, er det 20 H175-helikopter som flyg offshore i Nordsjøen, og det er 90 Airbus-helikopter som flyr andre oppdrag i Noreg.»

Eit umogleg syn

Agate og Lasse Vasstraum fekk reise til Gullfaks B etter ulykka.

– Vi har tatt helikopter ut, og vi har tatt helikopter heim, og det gjekk fint. Det var for å fullføre turen, men det var også for andre ungar, for at dei ikkje skal vere redde.

Dei reiser også til Turøy utanfor Bergen i samband med tiårsmarkeringa.

På ein stein står namnet til pappa Otto Mikal Vasstveit, og oppå steinen står eit lite hus med tretten lys i, eitt for kvar av dei som omkom.

Lasse Vasstraum tenker ofte på ulykkesdagen, og rotoren.

– Bildet av rotoren som ligg eit par hundre meter bortanfor. Det er eit bildet som har brent seg fast, for alltid. At propellen berre ligg der.

– Det skal jo ikkje skje.

Lasse Vasstveit og Agate Vasstveit ser på bilde av far sin, som omkom i Turøy-ulykka

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Publisert 29.04.2026, kl. 05.23

Read Entire Article