Tiril Oline må heim frå barnehagen før mor rekk å hente ho: – Blir jo litt rasande

3 months ago 21


Opp klokka 06:00. Stelle seg, gjere seg klar. Stelle dottera, gjere ho klar. Lage skulemat til eldstedottera.

Så i barnehagen 06:45, før mor blir køyrt til jobb litt over 07:30, og gubben køyrer vidare til sin jobb.

Etterfølgt av åtte timars arbeidsdag. Hive seg i bilen, køyre opp igjen til barnehagen for å rekke henting.

Slik går kvardagane rundt for Matilde Liland og familien.

Jente i barnehagen med rosa lue og oransje bamse i armen

Rana kommune innfører ei prøveordning med maks opphaldstid i barnehagen på åtte og ein halv time. Det likar Matilde Liland dårleg.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Men no vil kommunen at dei skal rekke alt dette og å hente dottera Tiril Oline innan 8,5 timar.

– Skal vi klare det, må vi gå ned i arbeidsstilling. Det kan vi ikkje gjere. Eg tenker målet må vere å ha flest mogleg i arbeid, seier Liland.

To og ein halv mil utanfor sentrum

Midtvegs i førre veke sende Rana kommune i Nordland ut eit infoskriv til alle foreldre med barn i barnehagen.

Kommunen innfører frå 1. februar ei prøveordning med maks opphaldstid i barnehagen på åtte og ein halv time.

Tiril Oline må vere i barnehagen rundt ni timar kvar dag, med kvardagen skissert over.

– Eg nektar å signere avtalen i alle fall. Dei kan jo ikkje pålegge meg det. Om dei gjer det korrekt og løfter det til politisk behandling først, så skal eg sjølvsagt forhalde meg til det.

Mor med blondt hår og øyne i kamera, holder datteren med bamse i armkroken.

– Det er ikkje nødvendigvis ein dum ting, men då må det leggast til rette for at folk kan stå i full jobb. Det er det som er problemet her. Her er ikkje reisetida tatt i betraktning i det heile tatt.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Ifølge tal frå Utdanningsdirektoratets er gjennomsnittleg opningstid på landsbasis 9,5 timar både i kommunale og private barnehagar.

På landsbasis er det berre 17 ordinære barnehagar som held ope 8 timar eller mindre, mens det er åtte barnehagar som held ope 11 timar eller meir.

Liland meiner foreldra må få moglegheita til å uttale seg før kommunen gjer ei såpass stor endring.

– Eg blir jo litt rasande. Kanskje mest for at Rana kommune tillèt seg å berre innføre det som ei prøveordning. Det er jo i strid med vedtekter og lovverk, meiner ho.

Rana kommune er ein geografisk stor kommune med mange pendlarar. Det inneber at fleire foreldre vil få trøbbel med å levere og hente barn innanfor tidsramma som blir gitt.

Liland meiner likevel at det er heilt innanfor å ha ei maks opphaldstid. Men det må vere ei opphaldstid som gjer at folk kan stå i full jobb.

– At det kan vere åtte og ein halv time i byen kor folk bur og jobbar nær barnehagen, det kan gå. Men det går ikkje i ein barnehage som ligg nesten to og ein halv mil utanfor sentrum.

KrF: – Barna tapar

Kristeleg folkeparti (KrF) har i lang tid stått på for å få makstid i norske barnehagar.

Likevel meiner Ida Lindtveit Røse, som er nestleiar og familiepolitisk talsperson i KrF, at det må vere ein balanse mellom kva som er best for barna og kva som er realistisk å få til for foreldra.

– Eg tenker spesielt på åleineforeldre er foreldre utan mykje nettverk som kan hjelpe til når det knip.

Ida Lindtveit Røse

 – KrF etterlyser meir fleksibilitet i arbeidslivet, som gjer at kvardagskabalen enklare går opp, seier Røse til NRK.

Foto: Anders Fehn

Ho forstår godt reaksjonane til foreldra som allereie står i ein pressa situasjon.

– At dårleg kommuneøkonomi går utover familien er inga god prioritering, verken for bulyst eller livskvaliteten. Barna tapar uansett når stresset tar over i kvardagen.

Ifølge Barnetilsynundersøkelsen til SBB har 8 av 10 barnehagebarn avtalt heiltidsplass i barnehage.

Ein heiltidsplass svarar til 41 timar eller meir i veka.

Men berre 2 av 10 barn bruker tid i barnehage som faktisk svarar til heiltidsplass. Det er 4- og 5-åringane som bruker mest tid i barnehagen, ifølge undersøkinga.

Får ikkje kabalen til å gå opp

Barnehagesjef Liv-Åse Brosveet Lorentzen i Rana viser til tidvise og prekære utfordringar med å få tak i nok kvalifisert personell og vikarar ved sjukefråvær i barnehagane.

Ho utelèt ikkje at det kan bli behov for særskilde tilpassingar.

Dame med blondt hår ser i kamera

– Vi er nøydde til å oppfordre foreldre til å delta Om dei nektar, har vi ingen sanksjonar, seier barnehagesjefen.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– Burde det ikkje ha vore ein prosess i forkant der foreldra fekk moglegheita til å førebu seg på forsøket som no blitt sett i gang?

– Forsøket er forankra i budsjettdokumenta i kommunen. Her er det tatt opp at vi skal gjennomføre forsøksordning og sjå på opningstid.

Lorentzen fortel at avtalefesta opphaldstid er eit ledd dei vil undersøke før dei potensielt tar steget om å gjere noko med sjølve opningstida.

– Liland meiner at dette strir mot vedtektene. Korleis kommenterer du det?

– Det trur eg ikkje. Vi tenker at det er jo eit forsøk og det er ingen sanksjonar frå kommunen si side dersom nokon vel å ikkje forhalde seg til det. Dersom erfaringane viser at dette er noko vi bør gå for må det først leggjast fram ein politisk sak til behandling om endring av vedtektene.

Trur det blir fleire tilfelle framover

Kristin Holm Jensen er avdelingsdirektør for oppvekst, kultur og utdanning i kommunesektorens organisasjon (KS).

Ho fortel at dei fleste barnehagar har opphaldstid på mellom ni og ti timar per dag, som vanlege, ytre rammer.

– Så er det forskjellig kor mykje av den tida familiane nyttar seg av. Nokre nyttar seg av kortare dagar enn det, mens andre treng heile den opningstida, seier Jensen.

– Trur de at fleire kommunar vil innføre makstid med bakgrunn i utfordringane som Rana kommune står i?

– Ja, vi ser at veldig mange kommunar både i barnehagar og andre tenester manglar folk.

Portrett av Kristin Holm Jensen

– Det som er viktig er at kommunane strekker seg langt no for å gi eit best mogleg tilbod. Ein forstår at familiar ofte treng lang opningstid om ein pendlar, eller om det er andre omsyn ein må ta, seier Jensen.

Foto: Håkon Benjaminsen

Det gjer at ein må innskrenke noko på tilbodet for å sørge for at ein også kan gi god nok bemanning og god nok kvalitet til barna i den tida dei skal vere i barnehagen eller i andre kommunale tenester, seier ho.

– Så dette er eit utviklingstrekk vi vil sjå meir av i tida framover.

Likevel må kommunane sørge for at det er god nok bemanning til barna når barnehagen er open, seier ho.

– Og fordi vi manglar ein del folk, så er det ein del kommunar som ser seg nøydde til å innskrenke på opningstida.

Publisert 28.01.2025, kl. 05.57

Read Entire Article