Du får kanskje lesetipsa dine frå TikTok? Da veit du at dei ikkje alltid er til å stole på.
Innhaldet blir styrt av brukarane, ikkje forlag eller redaktørar. Bøkene blir løfta fram basert på engasjement, ikkje nødvendigvis kvalitet.
Dette gjer at ukjende bøker kan få gjennomslag, og mange oppdagar nye favorittar. Men bøker av låg kvalitet kan få ufortent hype.
Fortvil ikkje: Eg er her for å hjelpe! Her er mine topp fem bøker som trendar akkurat no.
«Throne of Glass» av Sarah J. Maas
- Sjanger: Romantasy
- Forlag: Bloomsbury Publishing
- Antal sider: 512
- Språk: Finnes på både engelsk og norsk («Glasstronen», Gyldendal, 2019)
- Omsettar: Hanne Hay Sætre
Det er nesten ikkje mogleg å diskutere Booktok utan å nemna Sarah J. Maas. Nesten alle bøkene hennar er eller har vore populær på appen, og ho har ein følgjeskare liknande ein kult!
I «Throne of Glass» er ho i si beste form.
Me følgjer 18 år gamle Celaena Sardothien, ein tidlegare leigemordar som no sit fengsla i ei saltgruve.
Så får ho tilbod om fridom ved å konkurrera i ei dødeleg turnering om å bli den nye snikmordaren til kongen.
Boka vart publisert i 2012 og er den første i ein serie på sju. «Throne of Glass» har fått fleire liv, mellom anna gjennom Booktube og no gjennom Booktok. Det er ei bok som tilsynelatande aldri døyr.
For meg var boka den perfekte inngangen til romantasy. Eg synest framleis ho er like god, sjølv når eg les ho for sjuande gong.
Boka passar for deg som er glad i å lese om beinharde kvinner som er vakre, målbevisste og samtidig elsker å shoppe.
«The Housemaid» av Freida McFadden
- Sjanger: Psykologisk thriller
- Forlag: Grand Central Publishing
- Antal sider: 352
- Språk: Finnes på både engelsk og norsk («Hushjelpen», Cappelen Damm, 2023)
- Omsettar: Sigrunn Stokke Johnsen
Om du har same «For You»-side som meg, får du tiktoker om «The Housemaid» av Freida McFadden heile tida. Anten om filmadopsjonen som kjem ut i desember, eller om boka.
«The Housemaid» sette kloa i meg allereie frå første kapittel, og eg skjønte raskt at det var noko ille på ferde.
Me følgjer Millie, som nettopp har komme ut av ti år i fengsel. Ho får jobb som hushjelp hos eit par og får bu i huset deira, i eit lite rom på loftet.
Om du er ein rutta thriller-lesar, kjem du nok til å kunna lesa mellom linjene kva som skjer før McFadden planla at ein skulle skjønna det.
FILMATISERES: Superstjerna Sydney Sweeney spelar hovudrolla når «The Housemaid» kjem på kino rundt juletider. Her frå Met-gallaen for nokre veker sida.
Foto: DIA DIPASUPIL / AFP / NTBMen det er ikkje historia i seg sjølv som er genial – fordi den faktisk har ein del plot holes – det er historieforteljinga, skrivinga, og måten ein alltid føler at ein er på nippen til noko stort eller forferdeleg. Det er det McFadden er så god på.
Denne boka er for deg som finn glede i det litt uhyggelege, og som liker historier som løyser seg som ein tråd som blir drege ut av eit nøste.
«How to Piss Off Men» av Kyle Prue
- Sjanger: Sakprosa/humor
- Forlag: Headline
- Antal sider: 144
- Språk: Engelsk
Kyle Prue er ein TikTok-influensar med over ein million følgjarar, der han for det meste snakkar om korleis menn er.
Han er morosam, og han har tent godt på det. Han har marknadsført boka si eine og åleine gjennom TikTok, og tilsynelatande òg fått hjelp til å skrive boka gjennom menneske han har møtt på TikTok.
Boka hans kan lesast på ein kort time, og sidene inneheld gjerne berre ein eller to setningar.
Her er nokre gullkorn, ting du kan seie for å irritere menn:
Denne boka tilrår eg å lesa om du vil ha ein god latter, sit rundt middagsbordet saman med venner, eller om du har ein fyr du verkeleg hatar.
Men slik som varselen seier i starten av boka: Bruk tipsa med omhug.
INFLUENSAR: Kyle Prue er hovudsakleg kjent frå TikTok, der han har over ein million følgarar og snakkar mykje om menn.
Skjermbilde«All Systems Red» av Martha Wells
- Sjanger: Science fiction
- Forlag: Tor.com
- Antal sider: 176
- Språk: Engelsk
Eg har høyrt mange prata om «Murderbot»-bøkene og sett mange tiktoks om dei. Men det var ikkje før ein av dykk NRK-lesarar tipsa meg om bøkene at eg las dei.
For ei oppleving det var.
«All Systems Red» handlar om ein asosial drapsrobot som har hacka sitt eige system slik at han kan binge såpeoperaer i staden for å kommunisera med menneske. Jobben hans er å halda klientane i live, og det skal visa seg å vera vanskelegare enn først anteke.
Boka er den første av sju i «Murderbot»-serien. Kvar bok er kort, på rundt 150 sider, og er spesielt interessante i denne tida der KI har vorte så relevant.
Bøkene har vorte omgjorde til ein serie som kom ut på Apple TV+ 16. mai, med Alexander Skarsgård i hovudrolla.
KLINER TIL: TV-serien «Murderbot» basert på Martha Wells' bøker har akkurat kommen ut på Apple TV+. Under premieren klinte tittelrolleinnehavar Alexander Skarsgård (høyre) til med sin medskodespeler i serien, David Dastmalchian.
Foto: TIMOTHY A. CLARY / AFP / NTB«Tender Is the Flesh» av Agustina Bazterrica
- Sjanger: Dystopisk horror
- Forlag: Simon & Schuster
- Antal sider: 221
- Språk: Finnes på både engelsk og norsk («Kjøtt snakker ikke», Forlaget Press, 2025)
- Omsettar: Kristina Solum
«Tender Is The Flesh» er ein dystopisk horror, ulikt alt anna eg nokon gong har lese. Ho kom ut i 2017, og eg las ho då eg var altfor ung. Boka har vorte bannlyst i fleire statar i USA.
No har nokre av venninnene mine byrja å lese ho takka vere TikTok, og eg veit ikkje heilt kva eg skal seia. Eg hata karakterane, hata verda i boka, hata kva som skjedde.
Men det er ei av dei bøkene som er så sjuke at du ikkje heilt kan leggja ho frå deg.
Boka finn stad i eit land der eit virus har gjort alt dyrekjøtt giftig. For å møta etterspurnaden i marknaden, har landet legalisert kannibalisme og byrja oppdrett av menneske som mat.
Me følgjer Marcos, ein mellommann i eit oppdrettssenter som kjøper «hovuda» og sel «produkta» vidare.
Det er denne typen språk som er brukt mykje i boka for å gjere lesaren, og menneska i boka, mindre kjenslevar for å sjå kvarandre som menneske. Det er horribelt.
Dette er ikkje ei spesielt morosam bok, det er ikkje ei bok som lèt etter seg seg nokre gode kjensler. Men det er ikkje poenget. Det er ei bok eg aldri gløymer.
Kollega Siss Vik har også lest boka:
Hei!
Eg heiter Sarah og melder litteratur for NRK. Eg elskar bøker som løfter meg ut av kvardagen og inn i nye verder – anten det er gjennom sterke forteljingar, uventa perspektiv eller innsikter eg ikkje visste eg trong.
Publisert 19.05.2025, kl. 12.28