– Ein finn jo ein måte å handtere det på.
Året er 2007. I ein travel jobbkvardag, kjenner Ellen Knutsen plutseleg intense smerter – fyrst i ryggen og så sviktar beinet.
Hjå legen får ho beskjed om at ho er gravid, og at det er bekkenleddsmerter som fører til ubehaget.
Å bli mamma blei plutseleg ei enorm påkjenning.
– Det var komplisert. Ein skal jo helst ikkje løfte, og det er jo faktisk heilt umogleg å unngå.
No, 18 år seinare, har Ellen framleis smerter.
– Det kan vere to gode veker, to dårlege – to dårlege år, to gode år. Det går veldig opp og ned.
RULLESTOL: Ellen må veksle mellom å stå, sitje, ligge og gå. På lengre turar må ho ofte ha med seg rullestolen.
Foto: Nadir Alam / NRK– Lite forska på
Trebarnsmora slit med bekkenleddsmerter, tidlegare kalla bekkenløysing. Diagnosen råkar omtrent 12 000 norske gravide kvinner i året. Forskarar meiner det gamle namnet er misvisande.
– Det er ikkje noko haldepunkt for samanheng mellom laust bekken eller smerter.
Det seier Britt Stuve, ho jobbar som fysioterapeut og forskar ved Oslo universitetssjukehus (OUS), ho har ein doktorgrad i bekkenleddsmerter, og er dessutan spesialist på kvinnehelse.
Stuve fortel at 97 prosent blir friske att, men at diagnosen råkar ulikt.
Ellen er blant dei uheldige 3 prosent, som må leve med kroniske smerter.
– Det er eit felt det har vore forska altfor lite på, slik det ofte er med kvinnehelse-plager.
Fysioterapeut og forskar, Britt Stuge, er ein av Noregs fremste ekspertar på bekkenleddsmerter.
Foto: Ingvild EdvardsenRedd for kva folk ville tenkje
Ellen må variere mellom å ligge, sitje, gå og stå for å handtere smertene ho får i løpet av dagen.
Ho er «gåande rullestolbrukar» – ho går gjerne, men er avhengig av å ha med rullestolen i tilfelle ho får smertar eller blir sliten.
– Då eg skulle byrje å bruke rullestol, hadde eg berre sett menneske som sat i rullestol heile tida. Då eg prøvde det, blei eg berre sjukare.
Ellen går som regel når ho er heime eller skal handle på nærbutikken.
Foto: Nadir Alam / NRKHo hadde eit behov for å finne ut av korleis ho kunne bruke stolen, slik at han funka for ho.
I starten var Ellen redd for kva folk ville tenkje når ho reiste seg frå stolen.
– Blikk? Ja, fyrst var eg veldig opptatt av det, men det har eg eigentleg slutta med.
Redsla for blikk slutta då ho byrja med ein heilt spesiell sport.
Ellen hadde «barnefri» ein sommar og valde å dra på ekstremsportfestival.
Foto: Markus Falao Jonassen / EkstremsportvekoGav nytt perspektiv
– Då eg var sjuk brukte eg mykje tid på å sjå ting på TV. Eg lengta etter å finne på ting. Og så var det Ekstremsportveko som eg hadde sett på TV.
I 2015 pakka ho med seg telt og sette seg i bilen på veg mot Voss.
Det tok ikkje lange tida før ho følte seg heime blant ekstremsportutøvarane.
Ellen kunne vere seg sjølv.
– Der er det ingen som dømmer. Dei synest det er kjempekult om eg reiser meg opp og dansar. Og at eg er med, i staden for at eg ikkje er med.
På Ekstremsportveko blei ho del av longboard-miljøet. Eit miljø ho skildrar som inkluderande og inspirerande.
Foto: Ekstremsportveko / Ekstremsportveko– Ein tenkjer jo så mykje på sitt eige liv, er opptatt av seg sjølv og tenkjer at det er det viktigaste i heile verda.
Ellen held fram:
– Då kan vel eg reise meg opp frå ein rullestol og sette meg ned som eg vil. Det er så lite i den store samanhengen.
Nadir Alam / NRK
«Nutz»
Under konkurransar må alle ha på dress med beskyttelse. På Ellen sin dress står det «Nutz» på ryggen. Kallenamnet fekk ho av dei andre utøvarane. Det stammar frå etternamnet hennar som er Knutsen.
Nadir Alam / NRK
Nøttehjelm
Hjelmen har ho fått spesialdesigna. Han skal førestille ei nøtt med eit ekorn som klamrar seg fast. Ho har også fått gravert inn namn på barna sine på hjelmen.
Ekstremsportveko
Rullestolen frå Nav
Ellen vel å køyre i rullestolen ho fekk frå Nav. Han er ikkje laga for så høg fart, men det har gått greitt enn så lenge. Det er berre dekka som har blitt litt slitne. Ellen har målt ein toppfart over 55 kilometer i timen i stolen.
Ellen «Nutz» Knutsen
No konkurrerer ho om å kome seg så raskt som mogleg ned ein serpentinveg i rullestol.
– Longboard synest eg var veldig gøy å sjå på, fordi eg har stått på skateboard då eg var yngre, fortel Ellen.
Ellen køyrer ned «Skjervet» på Voss i ein hastigheit på 55 km/t under Ekstremsportveko. Foto: Sander Viste Medhus
Ho lengta etter å prøve. Og fekk testa å køyre ned bakkane i ein luge. Ho blei med ein gong trollbunden.
Etter kvart ville ho heller køyre i rullestolen ho fekk av Nav.
– Ein forsvinn litt i bobla. Eg føler meg likestilt. Eg føler meg som ein ekstremsportutøvar, sjølv om eg brukar rullestol. Det er heilt fantastisk.
Folk frå miljøet hyllar Ellen for at ho er med.
– Eg synest det er fantastisk kult. Det viser berre kva ein kan få til, sjølv med forskjellige utfordringar i kvardagen, seier Einar Kvam, ansvarleg for longboard under Ekstremsportveko.
Kvam har sjølv drive med longboard og fortel at Ellen på mange måtar er ein hjørnestein i longboard-miljøet.
Einar Kvam har ansvaret for longboard-konkurransen og har sjølv drive med sporten.
Foto: Peder Solland / PrivatDå Ellen spurte dei om å kunne få konkurrere i rullestol, kunne dei ikkje seie nei.
– Det er heilt rått å sjå på. Eg trur ikkje eg hadde tora å køyrt same bakke i rullestol.
– Er verdt det
Ellen legg ikkje lok på at det kostar å drive med ekstremsport. Ho er ofte redusert i fleire dagar etter konkurransar.
– Det kjem jo med ein kost, men det er jo verdt det da.
Britt Stuve understrekar at det ikkje er farleg med tanke på bekkenleddsmertene.
– Me skal ikkje skremme folk frå å gjere ting, avsluttar forskaren.
Publisert 20.06.2025, kl. 16.19