NRK er i grensebyen Kilis i Tyrkia. Ein uventa og merkeleg optimisme ligg i lufta etter at opprørarar greidde å velte regimet i Syria førre veke.
Syriske flyktningar har pakka klede, leikedyr og minne frå eit tiår i Tyrkia, og står klare for å reise over grensa til gamlelandet.
Minibussar og lastebilar blir fylte med forventingsfulle barn, og like spente vaksne.
Ein mann har pakka med seg alt han eig, klar for å forlate Tyrkia.
Foto: Mohammed Alayoubi / NRKI løpet av borgarkrigen har 400.000 syrarar blitt fødde i nabolandet. Mange skal no møte familiemedlemmer dei berre har snakka med på telefon, for første gong.
– Planen er å leige ein bustad. No er jo landet vårt fritt, seier ein far til NRK.
Barna hans blei fødde i Tyrkia. No gler han seg til å vise dei landet deira.
Søstrene Rawan (8) og Iman (7) blei fødde i Tyrkia, men gler seg til å reise til Syria, landet dei kallar for heim.
Foto: Mohammed Alayoubi / NRKDå NRK var i Kilis i 2012, kom syrarane i hopetal. Dei forlet ein blodig borgarkrig og president Bashar al-Assads regime.
I løpet av krigen har det komme til saman tre millionar syriske flyktningar til Tyrkia.
Denne veka reiser tusenvis av dei nok ein gong gjennom Kilis. Men denne gongen skal dei motsett veg. Dei skal heim att.
Nokre fortel om forhåpningane dei har til «det nye Syria» utan Assad, medan andre vil fortelle om vanskelege år som flyktning og å kjenne seg som andrerangs borgarar i eit framand land.
«Ingen veg tilbake»
Men å forlate Tyrkia, er ikkje berre enkelt. Idet dei kryssar grensa, mister dei opphaldsløyvet i nabolandet. Og det er uvisst nøyaktig kva dei reiser til.
Syria er blitt øydelagt etter 13 år med krig, og på toppen eit jordskjelv i fjor som gjorde over fem millionar heimlause.
Det er estimert at Syria vil trenge milliardar av dollar til gjenoppbygginga av landet.
Mange feirar regimets fall i Damaskus. Ei jente held fram det syriske opposisjonsflagget, som er blitt erklært Syrias nye nasjonalflagg.
Foto: Omar Haj Kadour / AFPSyria står overfor ei rekke problem og utfordringar. Institusjonar skal opprettast og infrastruktur byggast. Stridande grupper må samarbeide.
– Vi har mista mange, men no skal vi dra heim og bygge landet på nytt, fortel ein mann NRK møter på grensa.
Syriske flyktningar i Tyrkia har pakka saman verdisakene sine og reist mot grensa til Syria, klare for eit nytt liv.
Foto: Mohammed Alayoubi / NRKFamiliegjenforeiningar
Familiar som har vore åtskilde i over eitt tiår, skal samlast att.
11 år gamle Nour er ei av dei som hadde gleda seg til å krysse grensa tysdag. Faren er i Aleppo og ventar på henne og mora. Dei har ikkje sett kvarandre på mange år.
– Hugsar du han?
– Han hadde kvitt hår, seier ho, og legg til at det er alt ho hugsar.
Derfor var skuffelsen stor då dei tyrkiske grensevaktene gav avslag til Nour og mora. Sjølv om Tyrkia har lagt til rette for at syrarar raskt skal få reise tilbake til heimlandet, må papira vere i orden.
Nour og mora manglar nokre viktige papir, og får beskjed om at dei må reise tilbake til Istanbul og hente dei.
Tårene pressar på, og lengselen etter pappa blei brått enda større.
Publisert 11.12.2024, kl. 08.45