Trump: Russland og Ukraina klare for forhandlingar

4 hours ago 2


Den amerikanske presidenten og Russlands president Vladimir Putin snakka saman i over to timar måndag.

Etter møtet skreiv Trump på sitt eige sosiale medium, Truth Social, at samtalen hadde gått «svært bra», og at partane var blitt einige om å starte forhandlingar om våpenkvile i Ukraina straks.

– Vilkåra kan berre bli forhandla mellom dei to partane, skreiv han.

Trump meiner dette er eit viktig steg mot å få slutt på krigen.

Ikkje stadfesta av Russland og Ukraina

Det var Putin som først kommenterte samtalen med Trump tidlegare måndag kveld.

Ifølge det statlege russiske nyheitsbyrået RIA beskreiv den russiske presidenten samtalen mellom dei to som «informativ og nyttig».

Han sa ikkje noko om at dei var blitt einige om å starte våpenkvilesamtalar.

Heller ikkje Ukraina har kommentert utsegnene til Trump.

Publisert 19.05.2025, kl. 20.01

Read Entire Article