Fylkestinget i Agder skal onsdag behandla saka om inhabilitet i fylkeskommunen.
Saka starta med ei avsløring i NRK om samferdselssjef Ola Olsbu sin inhabilitet.
–Eg trur det var mange som fekk sjokk og ikkje trudde det dei høyrde. Det er ein alvorleg og trist sak som har svekka tilliten til fylkeskommunen og politisk leiing, sa Karin Hodne (Ap), fylkespolitikar og leiar av kontrollutvalet.
Etter avsløringa har Agder kommunereisjon laga ein rapport som viser ei rekke feil og manglar i Agder fylkeskommune.
– Det er begått feil av fylkeskommunedirektøren og fylkeskommunen si politiske leiing,sa Hodne.
Fylkeskommunen skal avgjere kva tiltak som skal bli sett i verk.
















English (US)