Ukraina-møte nedgradert etter at Rubio droppa ut

1 week ago 14


Viktige spørsmål skal avklarast når utsendingar frå Ukraina møter representantar frå USA, Frankrike, Tyskland og Storbritannia i London i dag.

Men allereie før møtet startar, er det blitt nedgradert. Etter at den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio tysdag melde at han ikkje kjem, er det blitt klart at heller ikkje utanriksministrane frå dei andre landa blir med.

Dermed blir det tryggingsrådgjevarar og spesialutsendingar som held møtet.

Men det er lagt opp til at Lammy skal møte den ukrainske utanriksministeren Andriy Sybiga i løpet av dagen.

Rubio droppa møtet då det tysdag blei klart at den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj ikkje kjem til å godta eit amerikansk forslag om at Krim skal tilhøyre Russland.

et par menn som håndhilser

USAs spesialutsending Steve Witkoff har møtt president Vladimir Putin før. No er han igjen på veg til Moskva.

Foto: Gavriil Grigorov / AP / NTB

Anerkjenning av Krim?

Ifølgje The Wall Street Journal hadde president Donald Trump sine representantar med seg eit konfidensielt dokument til eit liknande møte i Paris før helga, der dei foreslår å anerkjenne Krim som russisk.

USA vil også setje ned foten for at Ukraina skal kunne bli med i Nato.

Ifølgje Washington Post skal forslaget leggjast fram på møtet i London i dag. Nettstaden Axios omtalar det som «det siste tilbodet».

Zelenskyj sa tysdag at det vil vere i strid med grunnlova å anerkjenne den russiske okkupasjonen av Krimhalvøya frå 2014.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og britenes statsminister Keir Starmer

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj har tidlegare møtt statsminister Keir Starmer i London. Denne gongen er det diplomatane som møtest i den britiske hovudstaden.

Foto: AFP

Financial Times melder at president Vladimir Putin har tilbode seg å fryse invasjonen ved den noverande frontlinja, altså at Russland ikkje vil gjere krav på større delar av Ukraina enn det som landet har kontroll over no.

The Daily Telegraph har fått tilgang til ein sjupunktsplan som blant anna skal stadfeste at Trump vil la Putin behalde nesten alle landområde som Russland okkuperer no.

Men det ligg ingen løfter om tryggingsgarantiar for Ukraina planen, ifølgje avisa.

Heilomvending

Dersom det stemmer at USA foreslår å anerkjenne Krim som russisk, er det ei påfallande heilomvending, skriv The Times.

Då Donald Trump var president i 2018, kalla administrasjonen hans den russiske annekteringa av dei ukrainske halvøya for ein trussel mot «eit grunnleggjande internasjonalt prinsipp delt av demokratiske land: at ingen land kan endre grenser i eit anna med makt».

Den amerikanske kongressen har dessutan vedtatt at han er imot anerkjenning av russisk styre på Krim.

På møtet i London stiller USA med spesialutsending Keith Kellogg. Frå Frankrike kjem Emmanuel Bonne, som er rådgjevar for president Emmanuel Macron. Zelenskyj sin stabssjef Andrij Jermak representerer Ukraina.

Trump pressar

Før påske var Frankrike vertskap for eit liknande forhandlingsmøte. Den franske presidenten og den britiske statsministeren har saman tatt leiarskapen i Europa i forsøket på å skape fred på kontinentet.

Men det var Donald Trump som lova at han skulle ende krigen i løpet av eit døgn. Det har den amerikanske presidenten førebels ikkje klart. Han har derimot sagt at han håpar Russland og Ukraina vil bli samde om ein avtale denne veka.

Han har også sagt at USA kan komme til å forlate fredssamtalane dersom det ikkje snart kjem tydelege signal på framgang i forhandlingane.

Seinare denne veka reiser den amerikanske spesialutsendingen Steve Witkoff til Moskva, for fjerde gong. Håpet er at han får noko konkret med seg frå samtalane i London som han kan leggje fram for russarane.

Publisert 23.04.2025, kl. 10.55

Read Entire Article