Politiet i Finnmark har for få tilsette.
Onsdag ettermiddag hadde dei ingen på jobb i Honningsvåg i Nordkapp, som er blant dei største turistbyane i landet.
Då det skjedde ei drukningsulykke i hamna rundt klokka 15.00,
var næraste politipatrulje i Lakselv.
Det vil seie ein køyretur på 160 kilometer.
I tillegg var det ufyseleg vintervêr i Finnmark, men vegen ut til Honningsvåg hadde blitt opna tidlegare på dagen.
– Vi opplever det uakseptabelt og synest ikkje det er greitt at vi må vente så lenge på ein politipatrulje.
Det seier Sirin Figenschou Høyen (H), fungerande ordførar i Nordkapp kommune.
Høyen seier fleire innbyggarar tidlegare har tatt kontakt med ordføraren når dei ikkje har fått den hjelpa dei treng frå politiet.
– Det blir opplevd utrygt for befolkninga, seier ho.
Sirin Figenschou Høyen (H), fungerande ordførar i Nordkapp kommune, seier det er uakseptabelt at dei ikkje får den hjelpa dei treng frå politiet.
Foto: Allan Klo / NRKKamp om tilsette
Norsk politi har tidskrav på å nå fram til hendingar.
I ein by som Honningsvåg, med over 2.000 innbyggarar, skal politiet nå fram på 19 minutt i 80 prosent av hendingane. Det tar rundt 2,5 timar, under gode forhold, å køyre dei 160 milene mellom Lakselv om Honningsvåg.
Skulle politipatruljen ha nådd fram innan kravet til responstid onsdag, måtte dei ha halde ein fart på 505 km/t.
– Folk i Nordkapp kan oppleve at det kjem tenestemenn frå Hammerfest, eller frå Porsanger i dette tilfellet, seier Terje Wikstrøm, som er politistasjonssjef for tenesteeining Hammerfest.
Eininga omfattar kommunane Hammerfest, Hasvik, Måsøy og Nordkapp.
Terje Wikstrøm, politistasjonssjef for tenesteeining Hammerfest, manglar folk. – Det gjer i sum at eg må tenke heilskapleg innanfor tenesteeininga om kva ressursar som blir sende kor, seier han.
Foto: NRKGrunnen til at patruljen måtte reise så langt, er ifølge Wikstrøm at eininga hans ikkje har nok folk.
– Det gjer i sum at eg må tenke heilskapleg innanfor tenesteeininga om kva ressursar som blir sende kor, seier han.
– Vi må rigge ressursane våre på ein annan måte enn om vi har fast bemanning.
Wikstrøm fortel om stor konkurranse om folk i heile politi-Noreg.
– Akkurat no vel ganske mange å jobbe andre stader enn Finnmark. Det er utfordringa vår, seier han.
Redda av vitne
Ifølge Finnmarksposten var det ein person som hoppa i sjøen og fekk berga mannen som var i nød.
Like etterpå kom brannvesenet og ein ambulanse fram til staden.
Varabrannsjef Alex Eliassen seier til Finnmarksposten at det tok under ein halvtime frå brannvesenet fekk varselet til mannen var om bord i helikopteret. Helikopteret frakta han til sjukehus.
Fungerande ordførar Høyen fortel at kommunen er i dialog med politiet om bemanningsproblema. Dei har fått beskjed om at dei ledige stillingane i Nordkapp vil bli besette i juni.
Likevel reagerer ho på at politiet var så langt unna på onsdag.
– Ein undrar seg over at ein ikkje har politifolk tilgjengeleg innanfor normal kontortid, seier ho.
Meiner det er uforsvarleg
Bengt Rune Strifeldt (Frp) sit på Stortinget for Finnmark. Han synest den lange utrykkingstida er uforsvarleg.
– Politiet skal vere der for innbyggarane. Derfor må ein vere trygg på at dersom det skjer ei hending vil politiet vere der veldig kjapt.
Frp meiner ei god løysing vil vere å gi Finnmark eit politihelikopter.
– Dette kan redusere responstid og sikre kontroll og beredskap i Finnmark, der vi har veldig lange avstandar.
Bengt Rune Strifeldt (Frp) sit på Stortinget for Finnmark. Han synest den lange utrykkingstida er uforsvarleg.
Foto: Jonas Løken EstenstadJustis- og beredskapsdepartementet ønsker ikkje å kommentere saka, og viser til politimeisteren eller politidirektoratet.
– Politiet er sjølv nærast til å svare på spørsmål om ei operativ hending, skriv departementsrådgivar Linda Hafstad i Justis- og beredskapsdepartementet i ein e-post til NRK.
Publisert 11.04.2025, kl. 07.07 Oppdatert 11.04.2025, kl. 08.07