Unik «klump» går under hammaren onsdag: – Veldig ettertrakta

15 hours ago 6


– Det er trådsølv, som blir rekna som det finaste. Gruvene i Kongsberg er ei av dei få i verda som har dette, med dei fine linjene.

Pascal Nyborg er kunstekspert og auksjonarius ved auksjonshuset Nyborg.

Med klingande sølv i strupen snakkar han varmt om sølvstuffen som nå skal auksjonerast bort, og han skildrar den vidare:

– Den ser jo ut som ein liten klump med svart sølv som er rundt ein stein, små sølvtrådar. Veldig fin å sjå på. Den er interessant.

Gruvearbeidere på 1920-tallet

Gruvedrifta på Kongsberg starta på 1600-talet. På 1920-talet var det framleis mange som jobba i gruvene. Drifta vart lagt ned i 1958.

– Kvifor er akkurat denne så interessant, da?

– På grunn av forma, svarer auksjonariusen og forklarer vidare:

– Vanlegvis kjem sølv i ei slags nuggetform, ein klump, som ser ut som smelta sølv. Men her er det flotte former som naturen har gitt han.

Kongegåver frå Kongsberg

Han legg til at den mest «berømte gruva i heile verda» for sølvstuffane, er i Kongsberg.

– Desse er veldig ettertrakta på den internasjonale marknaden, konkluderer han.

En ubehandlet sølvklump på en treplate med inskripsjonen «Erindring fra Kongsberg brand og ingeniørvæsen 1921»

Denne blei selt frå Kongsberg 13. desember 1920 og gitt i gåve i 1921. Deretter har han vore i arv i same familie.

Foto: Oslo og Christiania auksjoner

Ifølge Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg, så har det blitt funne trådsølv i mange andre sølvgruver i verda:

  • «Men ekspertar frå heile verda trekker fram trådsølvet funne i sølvgruvene på Kongsberg som dei flottaste. Mange naturhistoriske museum over heile verda har sølv frå Kongsberg sentralt plassert i utstillingane».

Sølvstuffane er ubehandla sølv, så å seie plukka rett ut av fjellet. Grunna dei «skulpturelle formene», blei dei ikkje smelta om slik ein tradisjonelt gjer med andre sølv.

– Dei gav dei ofte som presangar til viktige personar. Danskekongen, som den gongen var konge av Noreg og Danmark. Men den finaste av dei alle er vel kanskje den som kong Harald har på Slottet, seier Nyborg.

Et svart-hvitt-bilde av en by i fjellet

Kongsberg Sølvverk er et tidlegare gruveselskap som blei starta i 1623 og formelt oppretta ved kongeleg resolusjon i 1624. Verket er blant Noregs eldste bergverk og var eitt av de største i Europa. 

Foto: NTB / NTB

Treng ikkje vere konge eller onkel Skrue

Nå har du altså sjansen til å kjenne deg som ein viktig person, eller snarare ein konge, når det omtalte sølvstuff frå gruva til kongen i Kongsberg går under hammaren.

Dette skjer førstkommande onsdag.

Sølvgruvene i Kongsberg

Heile 1.000 kilometer med gruvegangar blei bygd i Kongsberg, med jernbanelinjer i fleire av stollane.

Foto: C.Berg

Vi merkar stor interesse frå inn- og utland for tida, slike objekt er populære, stadfestar Alexander Foss, avdelingsleiar hos Oslo og Christiania auksjonar.

Sist gong ein slik blei seld, var prisen noko stiv: 35, 6 millionar kroner. Det er noregsrekord.

Men slapp av. Du treng ikkje vere ein pengesvømmande onkel Skrue for å slå klørne i denne.

Denne er i ein lågare prisklasse, men likevel svært estetisk, fortel Foss.

Få på marknaden

Han seier at eksterne ekspertar og samlarar som har sett nærare på den i forkant saman med auksjonshuset, har ulike oppfatningar om kor stort potensial denne har.

Nærbilde av en sølvstuff

Sølvstuffen har «trådsølv veksande ut frå kalsittholdig base med kalsitt i enden av nokre av trådane. Den har høgt sølvinnhald og vekt for størrelsen sin», ifølge auksjonshuset.

Foto: Oslo og Christiania auksjoner

Vi er veldig spente på kva som skjer onsdag. Denne har ein sikker proveniens frå Kongens gruve i Kongsberg og har gått i arv i familien. Med andre ord, den har ikkje vore ute på marknaden tidlegare.

Klumpen med dei unike formene kan nå bli din. Og spørsmålet er: For kor mykje?

– Den er jo prisa til mellom 60.000 og 80.000 kroner. Eg trur han kan gå for mellom 100.000 og 200.000 kroner. Den er jo veldig spesiell. Og det er få av dei på marknaden, svarer kunstekspert Pascal Nyborg.

Publisert 07.05.2025, kl. 07.51

Read Entire Article