«Unikt og vellaga norsk spel»

5 hours ago 2


Videospel kan ofte vere svar på folk sine store fantasiar, frå makt til kjærleik – eller å berre sjå skikkeleg kul ut medan ein meiar ned armear av fiendar.

Det er heilt på sin plass.

Likevel lar eg meg sjarmere stort i dei sjeldne tilfella der fantasien er noko så vakkert som det å gjere noko godt for planeten.

Slik er det i «Life Below», kor ein som havvaktaren Thalassa bygger og restaurerer korallrev. Samtidig må ho beskytte hjartet av revet, som gir energien korallane treng for å leve.

Strategi som gir meirsmak

«Life Below» minner om typiske bybyggingsspel, men tek byen ut av reknestykket. Asfaltjungel og uendelege rekker med skyskraparar er bytte ut med fargesprakande korallrev med heimar til ein veksande fiskepopulasjon.

Opplevinga er følgt av eit behageleg, svevande lydbilete som perfekt gjenspeglar kjensla av å bringe liv til den aude havbotnen.

Kvar av dei ulike koralltypane i spelet har sine eigne eigenskapar – frå å lage ressursane ein treng for å bygge vidare, til å påverke pH-nivå og temperatur i vatnet.

Etter kvart når ein nye typar landskap. Desse har eigne klima og unike formar for sjøgras som trengst for å lokke til seg fisk.

«Life Below» er eit strategispel som går føre seg i sanntid heller enn i rundar (RTS). Verda bevegar seg konstant framover, slik at ein må prioritere og bygge kontinuerleg.

Ein kan likevel sette klokka på pause for å planleggje, eller køyre på med opp til trippel hastigheit for å få fart på sakene.

HJARTET AV DET HEILE: Det er opp til spelaren å balansere dei unike eigenskapane til kvar korall på best mogleg vis. Spelet er over om hjartet (i midten) døyr.

Foto: Megapop Games

Som ein som ikkje har så mykje erfaring med denne typen strategi- og byggespel, var dei første møta mine med «Life Below» ein smule overveldande.

Då eg kom over den kneika, blei det derimot vanskeleg å legge frå seg.

Omtanken spelverda viser for alt det som finst på havbotnen, skapte ei undring som appellerte skikkeleg til meg.

Ikkje berre kos

Sjølv om eg vil kalle spelet ein generelt avslappande affære, bør spelaren alltid vere på vakt: Akkurat som i verkelegheita er korallreva i «Life Below» trua.

Ulike farar, frå søppel og oljesøl til invaderande dragefisk, kan gjere stor skade på revet. Kvar av desse kan kjempast imot med bestemte korallar, men det krev at spelaren har planlagt godt nok.

HAVET SI HUSHJELP: Krabbene som bur i revet hjelper til med å rydde vekk søppel.

Foto: Megapop Games

Første gongen ei midlertidig temperaturendring tok livet av alt i eit område fordi eg ikkje hadde prioritert å beskytte mot nett dette, var det definitivt eit nederlag.

Samtidig kan alt byggast opp igjen, som held opplevinga frå å bli direkte frustrerande.

Eg støtte likevel på nokre parti her og der kor eg berre blei sittande og vente på at eg skulle ha nok ressursar til å fortsette, sjølv med moglegheita til å spole framover.

Det blei små fartshumpar i eit spel som elles held engasjementet høgt.

VIKTIG Å PRIORITERE: «Life Below» gir spelaren nok av val medan ein skal oppgradere delar av revet.

Foto: Megapop Games

Omsorg for havet

«Life Below» sitt engasjement for havet smittar.

Medan eg spelte hadde eg konstant lyst til å lære meir om kva som går føre seg på havbotnen, sjå fleire fiskar og forbetre korallrevet mitt.

Rein produksjon og ressursar er likevel ikkje heile idealet. For å utvide arealet til revet og gjere oppgraderingar er det nemleg nødvendig med biologisk mangfald.

Bilde fra dataspillet «Life Below», et fargerikt korallrev.

HAISAFARI: «Life Below» har også besøkande artar, som denne hammarhaien. «Wildlife view»-modusen lar ein ta ein god titt.

Foto: Megapop Games

Det får ein av å lokke og gi heim til fiskar og andre havdyr i revet. Om dei døyr eller forlèt revet, mistar ein noko av dette mangfaldet. Hamnar ein i minus, tek hjartet skade.

Omsorga for livet på havbotnen er det ultimate målet, og det må ein jobbe for.

Dette kjem også godt fram i handlinga til spelet, formidla gjennom pene animerte sekvensar. Denne er lite påtrengande, men også ganske fin, og gir akkurat nok å tygge på til at ein vil vite meir.

REVVAKTARANE: Hovudpersonen Thalassa får god hjelp av den eldre vassfeen Pontus.

Foto: Megapop Games

Med «Life Below» har norske Megapop skapt eit pent og engasjerande strategieventyr der kjærleiken for naturen kjennest i alle krikar og krokar.

Er du glad i havdyr, lei av by – eller begge delar – kan dette lett vere ditt nye strategispel.

Publisert 17. jun. kl. 10:16

Oppdatert 17. jun. kl. 10:17

Read Entire Article