Sjokkblanda frykt breidde seg over den sørkoreanske befolkninga då den sørkoreanske presidenten erklærte militær unntakstilstand og brukte Nord-Korea som forklaring.
Var nordkoreanske soldatar på veg inn over grensa? Ville det hagle med rakettar? Ville dei bruke atomvåpen?
– Eg erklærer militær unntakstilstand for å verne det frie Korea mot trusselen frå Nord-Korea sine kommuniststyrker, sa president Yoon Suk-yeol i TV-talen som skaka ei heil verd tysdag.
Det var ikkje til å tru.
Befolkninga i både Sør- og Nord-Korea lever i konstant frykt for krig. Det har dei gjort sidan Koreakrigen enda med ei våpenkvile i 1953. Det har aldri blitt fred.
Var sørkoreanarane sitt verste mareritt no blitt eit faktum?
Demonstrantar held stearinlys 4. desember.
Foto: Kim Hong-Ji / Reuters– Skandaløst
Det varte ikkje lenge før mange forstod at det slett ikkje var eit nordkoreansk angrep på veg.
Nettopp på grunn av alvoret ein slik trussel inneber, blei president Yoon Suk-yeols overraskande grep raskt omtalt som utilgjeveleg.
Professor i statsvitskap, Cho Jin-man, ved universitetet Duksung er tydeleg på at militær unntakstilstand ikkje kan rettferdiggjerast under noko anna forhold enn nettopp ved eit åtak frå Nord-Korea.
– Militær unntakstilstand i Sør-Korea i det 21. hundreåret? Det er ikkje berre skandaløst, men utenkjeleg, seier Cho, til South China Morning Post (SCMP).
Asia-korrespondent Philip Lote forklarer kva president Yoon Suk-yeol kan ha i vente etter det mislykka kuppforsøket.
Det har ikkje vore unntakstilstand i Sør-Korea sidan demokratiet blei godt etablert på 80-talet.
No sa presidenten at all politisk aktivitet skulle opphøyre, og skulda opposisjonen for å vera Nord-Korea-sympatisørar.
– Alt snakk om kopling til Nord-Korea er berre tull. Presidenten sine motstandarar er normale, liberale politikarar, seier Vladimir Tikhonov, til NRK.
Han er professor i Korea-studium ved Universitetet i Oslo (UiO).
Soldatar mot folkevalde
Medan kaotiske bilete strøymde ut frå fjernsynsskjermane tysdag kveld, kasta opposisjonsleiaren Lee Jae-myung seg i bilen.
Han oppmoda både parlamentarikarar og folk flest til motstand mot unntakstilstanden.
Det blei kalla inn til krisemøte i nasjonalforsamlinga.
Fleire tusen demonstrantar marsjerte mot parlamentet for å protestera mot presidenten.
Spesialstyrkar kom i helikopter og forsøkte å ta seg inn i parlamentsbygningen.
Soldatar knuste vindauge og klatra over gjerde, men blei stansa av folkevalde utstyrte med brannsløkkingsapparat.
Soldatane tok seg inn i nasjonalforsamlinga. Der blei dei møtt av tilsette som spraya dei med brannslokningsapparat.
Foto: Jo Da-un / APTrass i at presidenten hadde erklært all politisk aktivitet for ulovleg, klarte parlamentet å stemme ned unntakstilstanden.
Det tok nokre timar, og så innsåg Yoon at slaget var tapt. Han sa ja til å oppheva unntakstilstanden.
– Desperate og egoistiske handlingar
Kritikken mot presidenten har det siste døgnet vore massiv.
Torsdag morgon lokal tid la opposisjonen fram eit forslag om å stille Yoon for riksrett.
– Dette er eit utilgiveleg brotsverk, som ein korkje kan, skal, eller vil tilgi, seier parlamentarikar Kim Seung-won, ifølgje AFP.
Regjeringspartiet støtter førebels ikkje riksrett, men Yoon har ikkje full støtte i eige parti.
Kva var det Yoon Suk-yeol eigentleg ville?
– Eg trur at han handla i desperasjon. Det var desperate og egoistiske handlingar. Det var absolutt ikkje særleg bra kalkulert, så det enda ganske raskt, seier Tikhonov.
UiO-professor Vladimir Tikhonov trur president Yoon Suk-yeol må gå av.
Foto: Olaf ChristensenHan har lite godt å seie om presidenten, som har hatt lite makt til å manøvrera fordi opposisjonen har mest makt i parlamentet.
– Han har vore ein veldig dårleg president. Han er ultrakonservativ, men det er ikkje berre det som er problemet. Han hadde alvorlege problem med maktmisbruk, og det er fleire alvorlege hendingar i Sør-Korea som han ikkje har følgt opp godt nok, seier UiO-professoren.
Det var store protestar i Seoul onsdag kveld.
Foto: Ryu Hyung-seok / APOgså Yoons kone har alvorlege skuldingar mot seg. Det handlar om grov korrupsjon og misbruk av statlege midlar.
– Demokratiet fungerer
Tikhonov trur Yoon Suk-yeol bruker retorikken om Nord-Korea fordi han er kraftig svekt. Han trur ikkje Yoon har nok støtte til å bli sitjande som president.
– Også ein god del av medlemmene i hans eige parti opplever han som eit problem, eigentleg. Så det er mogleg at fleire av dei tidlegare støttespelarane hans er villige til å ofre han for å sikre ei eiga politiske framtid, seier Tikhonov.
Den dramatiske tysdagen i Sør-Korea enda altså med at det ikkje blei noko av den militære unntakstilstanden.
Motstanden blei for stor. Tikhonov meiner dette seier ein viktig ting om demokratiet i Sør-Korea:
– Det fungerer, og det er kanskje den viktigaste lærdommen vi fekk frå denne svært ubehagelege episoden.
Interessert i utanriks? Høyr utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 04.12.2024, kl. 22.03