Ut mot Carlsen-comebacket: – Når du seier «faen ta dykk», kjem du ikkje tilbake dagen etter

4 months ago 49


Carlsen fyrte laus fredag kveld, etter at han blei kasta ut av det niande partiet i hurtigsjakk-VM for bruk av olabukser. Nordmannen trekte seg først frå resten av turneringa og lynsjakk-VM.

Samtidig erklærte han at det kjentest som det var full krig mellom han og Det internasjonale sjakkforbundet (Fide).

– Faen ta dykk, sa han i eit intervju hos sin eigen sjakkapp, Take Take Take.

Under to døgn seinare hadde Carlsen snudd. Kleskoden hadde blitt noko justert og nordmannen var klar for å spele. Det får rivalen Daniil Dubov – som på høgdramatisk vis akkurat ikkje kvalifiserte seg til finaledagen i lynsjakk – til å reagere.

På spørsmål frå NRK om kva han tenker om situasjonen, slår han ut med armane og tenker i eit par sekund.

– Eg synest heile greia er absurd, svarer han.

Støtter ikkje Carlsen: – Handlar om måten eg er oppdratt

Da Carlsen trekte seg fredag, fortalde han NRK at han ikkje ønskte å ha noko med Fide å gjere og var tydeleg på at det heile blei ei prinsippsak for han.

– Det er kanskje ei dum prinsippsak å ha, men eg synest ikkje det er så veldig gøy når det skal vere sånn.

At Carlsen snudde på femøringen så kort tid etter, er noko Dubov forstår lite av.

– Opplever du at Carlsen har støtta frå spelarane?

– Eg veit ikkje. Ikkje frå meg, i alle fall.

– Kvifor?

– Det handlar om måten eg er oppdratt. Når du seier «faen ta dykk», så kjem du ikkje tilbake dagen etter, seier Dubov.

Dubov Carlsen Niemann

SJAKKSTJERNER: Daniil Dubov (venstre) på veg forbi partiet til Magnus Carlsen (midten) og Hans Niemann (høgre) under dag éin av lynsjakk-VM.

Foto: Lennart Ootes / Fide

Carlsen: – Konstruktive samtalar

Verdseinar Carlsen stilte til eit kort intervju med NRK etter alle partia måndag.

– Korleis er det mogleg å gå frå krig og «faen ta dykk» til å delta her i dag (måndag)?

– Det har vore konstruktive samtalar med Fide-presidenten. Eg vil ikkje gå for mykje inn på det, svarer Carlsen.

Fide-president Arkadij Dvorkovitsj har fleire gonger blitt peika ut som ein viktig mann i arbeidet for å få Carlsen til å delta i lynsjakk-VM.

Nordmannen uttalte søndag at det ikkje var nokon vaksne i Fide til stades under dramaet fredag, fordi Dvorkovitsj – som ikkje er på plass i USA – sov.

– Han trong berre ein grunn til å komme tilbake og samtidig ikkje tapa ansikt. Om han gjer det ved å gå til angrep på meg, så får det vere, svarte Fides daglege leiar, Emil Sutovskij til NRK søndag kveld.

Freestyle-konflikt

Ifølge Fide-toppane, har ikkje Carlsen fått noko i retur for å komme tilbake til VM – forutan ei justering på kleskoden som gjer at olabukser nå er tillate, dersom det passar antrekket elles.

Fleire spelarar NRK har snakka med dei siste dagane har likevel indikert at dei trur diskusjonane mellom Fide-leiinga og Carlsen har handla om mykje meir enn berre kleskode. Carlsen sa sjølv hos Take Take Take at «det handlar sjølvsagt om fleire ting».

Det har inn mot VM vore ein konflikt mellom Freestyle Chess Players Club (FCPC), der Carlsen er ein framståande figur, og Fide.

Konflikten har blant anna dreidd seg rundt moglegheitene for ein verdsmeistertittel knytt til turneringane til FCPC – kor medlemmene i stor grad er basert på verdsrankinga til Fide.

Dongeri-debatt gått viralt: – I beste fall flaut.

Både Carlsen og Hikaru Nakamura har fortalt at spelarar blei trua av Fide med at dei ikkje kunne spele i turneringar som VM i lyn- og hurtigsjakk, om dei valde å spele i turneringane til FCPC.

Det har Fide-leiinga slått tilbake mot og kalla løgn.

  • Du kan følge avslutninga av VM i lynsjakk på NRK frå 19.45 tysdag.

Skrekkoppgave på hjemmelaget sjakkleir: – AU! 02:20

Publisert 31.12.2024, kl. 15.01 Oppdatert 31.12.2024, kl. 15.19

Read Entire Article