Uvêr herjar på Vestlandet: – Vi blei tatt litt på senga

4 months ago 24


I Vestland er over 20 vegar stengde måndag morgon på grunn av ras eller rasfare.

Både Eidfjord og Odda isolerte.

– Vi håpar at vi kan få opna nokon av vegane når dagslyset kjem, seier ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug.

Kommunen har sett inn to båtar som skal ta seg av beredskapen.

Ras Hardanger

Det rasa mange stader natt til måndag i Hardanger.

Foto: Statens Vegvesen

– Vêret blei dårlegare enn forventa, så vi blei tatte litt på senga. Men vi håpar at det betrar seg utover dagen, seier Aga Haug.

Han seier at det er viktig for kommunen å vareta folks helse, og dei jobbar med å gjere konsekvensane av vêret minst mogleg.

Aga Haug oppfordrar folk til å ta dette med ro og ikkje reise meir enn nødvendig.

Rv 7 Furlo

Ras på riksveg 7, Furlo.

Foto: Statens Vegvesen

Kolonnekøyring fleire stadar

Måndag føremiddag er fleire fjellovergangar stengde.

  • Riksveg 7 Hardangervidda
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland
  • Riksveg 13 Vikafjellet (ny vurdering klokka 11)
  • Fylkesveg 51 Valdresflye
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal

Det er kolonnekøyring på E134 over Haukelifjell. Vegen kan bli stengd på kort varsel. Det blir tatt ei ny vurdering måndag klokka 19.00.

Det er også innført kolonne på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Tre over Valbrekkavegen, Leikanger

Eit tre velta over Valbrekkavegen på Leikanger i Sogn.

Foto: Sogndal Kommune

E16 over Filefjell er open for trafikk, men med redusert sikt. Det er risiko for at det blir innført kolonnekøyring eller stenging av også denne fjellovergangen på grunn av vêret.

Også i Finnmark er fleire vegar stengde på grunn av dårleg vêr.

Totalt ti køyretøy, blant dei ein brannbil, blei natt til måndag innesperra mellom to ras i nærare to timar på riksveg 13 ved Odda.

Varsel om jord-, sørpe- og flomskredfare, gult nivå for midtre og indre strøk på Vestlandet

Varsel om jord-, sørpe- og flaumskred.

Foto: Varsom.no / NVE

Frå søndag til måndag morgon er det gult nivå på farevarsel på jord-, sørpe- og flaumskred for midtre og indre strøk på Vestlandet, ifølgje varsom.no.

Faren for sørpeskred er særleg der det er meir enn 50 centimeter snø. Desse kan utvikle seg til flaumskred.

Rv 7 Furlo

Ras på riksveg 7, Furlo.

Foto: Statens Vegvesen

Meir vind og regn enn venta

Statsmeterolog Magnus Haukeland seier at det kom meir vind og regn enn forventa søndag kveld og natt til måndag.

I låglandet kom det meste av nedbøren rundt Sørfjorden i Hardanger. Her blei det målt opp mot 90 millimeter med nedbør dei siste 24 timane.

– Det var nok kanskje litt meir regne enn venta, men nedbøren var ikkje på oransje nivå anna enn veldig lokalt.

Ras ved Folgefonntunnelen på Kvinnheradsida

Ras ved Folgefonntunnelen på Kvinnherad.

Foto: Grethe Hesvik

Også vinden blei sterkare enn venta. Rundt Sørfjorden var vindstyrken var 20–25 m/s.

– I indre strøk er det relativt kraftig. Det er ikkje så vanleg der.

Sjølv om måndagen framleis blir våt, er det venta mindre nedbør det neste døgnet.

For dei neste 24 timane er det venta i overkant av 50 millimeter lokalt. Det meste av nevøren kjem i indre strøk.

Over 400--600 meter kjem nedbøren som snø.

Det er også meldt stiv til sterk kuling på vest.

Publisert 16.12.2024, kl. 10.05 Oppdatert 16.12.2024, kl. 10.12

Read Entire Article