Vedum feirar ulvevedtak: – Må ha ein liten fest

5 months ago 33


Det er Innlandet Bondelag som inviterer til markeringa på Fossheim Grendehus på Åsta i Åmot kommune.

Vernestatusen for ulv som dyreart er nå endra frå «strengt beskytta» til «beskytta». Det skjedde på eit møte i Strasbourg denne veka der dei behandla Bernkonvensjonen. Noreg stemte for.

– Det betyr at ulven får eit svakare vern. Nå jobbar juristar i Bondelaget med å sjå på kva det betyr i praksis, men det betyr at arten ikkje er så utryddingstrua som ein har tenkt før, seier Elisabeth Gjems, leiar i Innlandet Bondelag.

Folkeopplysningen - ulv - NTB-bilde - NRK TV

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum trur det blir felt fleire ulv med vedtaket.

Ho tykkjer det er gledeleg at vernet av ulven er vorte lempa på.

– Derfor inviterte vi til ei spontanfeiring. Det er mange som har opplevd mykje vondt og vanskeleg rundt rovdyrtap opp gjennom åra. Dette vedtaket gjer at det blir lettare å drive utmarksbeite og leve livet på bygda, seier Gjems.

Vedum-besøk vekker reaksjonar

Til markeringa på Åsta kom finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

– Han er hjarteleg velkommen og dette er eit gjennombrot for regjeringa. Det tenker eg fortener ei feiring og ekstra stas at det var dei norske stemmene som avgjorde, seier Gjems.

Ulvemarkeringa og besøket til finansministeren vekker sterke reaksjonar.

– Dette viser jo berre denne ufaglege og uprofesjonelle haldninga som denne regjeringa har til trua arter. Ulven er kritisk trua og nå får den lågare beskyttelse i Europa, seier leiar i dyrevernorganisasjonen Noah, Siri Martinsen.

Leder av NOAH, Siri Martinsen

Siri Martinsen frå Noah tykkjer det er skammeleg at Noreg stemte for nedgradering av vernestatusen av ulven.

Reagerer kraftig

Leiaren reagerer kraftig på at Noreg stemte for å gje ulven lågare vern.

– Det vurderast om det skal bli opna sak mot Noreg etter at norsk ulvepolitikk har vorte kritisert i to omgangar av byrået til Bernkonvensjonen. Å nedgradere ulvens vernestatus er stikk i strid med faglege råd, seier Martinsen.

Ho meiner dette vedtaket kjem som følgje av politisk press frå landbruks- og jegerinteresser. Ho skal sjølv reise denne veka for å snakke med dei ansvarlege for Bernkonvensjonen.

Vedum: – Ein stor dag

Finansministeren sjølv er glad over å vere på besøk i Åmot.

– Dette er ein stor siger for norske lokalsamfunn. Nå har ulven same vernestatus som spissmus. Det må vi sjølvsagt feire med ein liten fest og spise kake, seier Vedum.

Han trur det blir felt fleire ulv allereie neste år.

– Nå får vi enda større handlefridom til å skyte ulv som skaper store problem. Det er så viktig at vi lyttar til folk som har dei så tett på. Ulven har skapt så mykje problem for dei som bur i ulvesona, seier Sp-leiaren.

Sauekake for ulvevedtaket

Ei ekte sauekake vart servert på markeringa tysdag kveld.

Foto: Mats Sparby / NRK

Han forteller at med dette vedtaket er det lettare å drive aktiv forvaltning.

– Vi får større nasjonal handlefridom og nå kan vi ta ut ulv raskare. Dette er litt rørende, for vi har høyrd mange gongar at det er umogleg å endre Bernkonvensjonen. Nå har vi fått det til, seier Vedum.

Martinsen frå Noah taler Vedum midt imot og meiner det ikkje blir lettare å felle ulv i Noreg.

– Det blir ikkje fritt fram å drepe ulv i Noreg, seier Martinsen.

– Det er eit stort paradoks

Det er ikkje berre Noah som reagerer på Noregs rolle i vedtaket. Også Verdas naturfond, WWF, meiner at vedtaket er skandaløst.

– Det er dessverre ikkje overraskande at regjeringa støtter ei nedgradering av ulvens vernestatus i Bernkonvensjonen, seier generalsekretær Karoline Andaur.

Karoline Andaur, WWF

Generalsekretær i Verdas naturfond, Karoline Andaur, reagerer kraftig på vedtaket.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Ho viser til at ulven var nesten utrydda før den nå er på veg tilbake på grunn av beskyttelsen gjennom konvensjonen.

– Det er framleis berre éin av sju ulvebestandar i Europa som har gunstig bevaringsstatus. Nedgradering av vernestatusen vil gjere det vanskeleg for disse bestandane å bygge seg opp igjen, seier Andaur.

Ho fryktar at ulven får tilbakegang.

– Det er eit stort paradoks sidan Europa nå skal i gang med å bevare og restaurere mykje meir natur gjennom naturavtalen. Regjeringa bør tenke godt gjennom konsekvensane av ein slik reversering.

Endringa trer i kraft om tre månader dersom ikkje ein tredel av medlemmane motset seg dette.

Publisert 03.12.2024, kl. 20.18 Oppdatert 03.12.2024, kl. 20.25

Read Entire Article