Vegvesenet stengde ni hovudvegtunnelar i Bergen samstundes: – Ellevilt

4 hours ago 4


Tenk deg den nest største byen i landet, inneklemt mellom minst sju fjell, der alle innfartsårene går i tunnel. Og der Statens vegvesen på éi og same natt stenger ni hovudvegtunnelar samstundes.

– Omkøyringane forseinkar kollektivtrafikken, og skaper problem for lokaltrafikken. Det går ut over trafikksikkerheita. Slitasjen aukar på fylkesvegane. Dei som bur i området får støy- og luftforureining.

Det seier Mats Korneliussen, seksjonsleiar for vegforvalting og infrastruktur i Vestland fylkeskommune.

Stenging på løpande band

For å forstå frustrasjonen skrur me klokka tilbake til 20.00, siste torsdag i mars.

Damsgårdstunnelen på den sterkt trafikkerte hovudvegen vestover ut av Bergen blir stengd for vedlikehaldsarbeid.

Det blir startskotet. På løpande band har Statens vegvesen to timar seinare nattestengd ni tunnelar på hovudvegane rundt byen.

Fire i nord, tre i vest og to i sør.

Fem av dei ni er på europavegar.

Ein kveld vart ni tunnelar på hovudvegane rundt Bergen sentrum nattestengde fordi Vegvesenet skulle gjere vedlikehaldsarbeid.

– Ellevilt

Denne massive tunnelstenginga skjedde ironisk nok ein månad etter at Vestland fylkeskommune sende eit klagebrev til Vegvesenet.

Brevet handla nettopp om hyppig stenging av tunnelar på riks- og europavegar i bergensområdet.

– Å stenge så mange hovudvegtunnelar på same tid er jo ellevilt, seier avdelingsleiar John Martin Jacobsen i vegforvaltinga til Vestland fylkeskommune.

– Når Statens vegvesen gjer vedlikehaldstiltak, bruker dei fylkesvegane som omkøyringsvegar. Det opplever vi som problematisk, seier Korneliussen.

– Ein må vurdere den samla belastinga for samfunnet, ikkje berre ulempene for Vegvesenet, heiter det i brevet.

Mats Korneliussen

Mats Korneliussen meiner Vegvesenet må finne andre løysingar enn å sleppe tung og stor trafikk inn på fylkesvegar når riks- og europavegar treng vedlikehald.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vegvesenet: – Dilemma

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen kan ikkje svare på kvifor dei torsdag måtte sperre av så mykje samstundes.

– Vi prøver så godt vi kan, men det hender nok at for mange tunnelar blir stengde samtidig. Det er eit dilemma: om vi stenger éin tunnel om gongen, blir det stengingar i svært lange periodar.

– Skubbar Vegvesenet problemet over på fylkesvegar?

– Det vil eg ikkje seie. Vi flyttar ein del trafikk over på fylkesvegnettet når vi har reparasjonar. Fylkeskommunen brukar riksvegar til omkøyring når dei treng det.

Stengd hundre gonger i fjor

Korneliussen seier det største problemet er at Vegvesenet svært ofte stenger Eidsvågtunnelen på E39. Det rammar gjennomgangstrafikken langs kysten, og den mest folkerike bydelen, Åsane.

– Eidsvågtunnel var stengd over hundre gonger i 2024 i samband med vedlikehald. Den smale fylkesvegen rundt Eidsvågneset er ikkje dimensjonert for så mykje trafikk med store køyretøy.

Minst hundre vedlikehaldsstengingar betyr i snitt kvart fjerde natt.

I slike to-løpstunnelar meiner Vestland fylke at Vegvesenet heller bør sleppe trafikken gjennom i begge retningar i det eine tunnelløpet, medan dei jobbar i det andre.

Eidsvågtunnelen på E39

Eidsvågtunnelen var i gjennomsnitt stengd minst kvart fjerde døgn i fjor. Slepp heller to-vegtrafikk gjennom det eine løpet når ein jobbar i det andre, meiner Vestland fylkeskommune.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Godtar ikkje 'nei'

Dette er i utgangspunktet ikkje mogleg, ifølge Vegvesenet.

– Gamle tunnelar har ofte for liten tverrprofil. Det er ikkje plass til å køyre éin lastebil i kvar retning. Det krev meir langsiktige tiltak, som utviding av tunnelløpet og ny signalstyring, seier Slinde.

Men Korneliussen gir seg ikkje.

– Dette ønsker vi å utfordre. Vi ber dei vurdere om det er mogleg med midlertidig to-vegtrafikk i eitt tunnelløp. Til dømes ved redusert fartsgrense, manuell dirigering, eller «kolonnekøyring» med leiarbil.

Fylkeskommunen meiner det hastar med betre løysingar for vedlikehaldsarbeid, særleg i Eidsvåg-, Nygårds- og Eikåstunnelen.

Vegarbeid på E39 ved Selvik- og Glaskartunnelane i Bergen

Kø på gamlevegen mellom Eidsvåg og Åsane grunna vedlikehaldsarbeid i Selviktunnelen og Glaskartunnelen på E16/E39.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Irritert på dialogmangel

Slinde seier dei skal vurdere forslaga. Men at dirigering eller leiarbil kanskje ikkje vil redusere trafikken på omkøyringsvegen.

– E39 har så mykje trafikk at det kan bli stor kø. Då vil lokalkjende bilistar likevel velje lokalvegnettet som ei raskare løysing.

Fylkeskommunen er ein smule irritert på at Vegvesenet ikkje gir dei tidleg beskjed om planlagde tunnelstengingar.

– Vi har rom for betre dialog og samarbeid. Og at ein ser belastningane omkøyringa gir ut frå eit samla samfunnsperspektiv, seier Korneliussen.

Der er Slinde einig.

– Vi bør i lag prøve å finne praktiske, gode løysingar. Målet er å unngå så mykje omkøyringstrafikk på lokalvegnettet.

– Steng seinare på kvelden

Mellom anna føreslår fylkeskommunen å starte vedlikehaldsarbeid klokka 23, ikkje klokka 20 eller 22.

– Det kan vere eit godt tiltak i vente litt. Når trafikkmengda er mindre, er det lettare å få til manuell dirigering eller leiarbil, svarar Slinde.

Han er også einig i at vedlikehaldsstengde tunnelar særleg skaper problem i byen mellom sju fjell.

– Det spesielle med Bergen er at det er mykje trafikk, spesielt på hovudåra E39, og dårleg med omkøyringsvegar. Vegnettet forbi og gjennom Bergen er lite robust til å takle akutte hendingar og planlagd stenging, seier Slinde.

På sikt set han si lit til planane om eit nytt, breiare og lenger tredje tunnelløp i Fløyfjelltunnelen på E39. Løpet kan fungere for to-vegtrafikk dersom ulukker eller vedlikehald stenger dagens Fløyfjell- eller Eidsvågtunnel.

Kanskje eit håpefullt lys i enden av tunnelen.

Publisert 15.05.2025, kl. 18.42

Read Entire Article