Vinden som har spreidd dei store brannane i og ved den amerikanske storbyen «er venta å bli verre», seier ordførar Karen Brass i morgontimane onsdag.
– Følg lokale varslingar, ver på vakt og hald dykk trygge, skriv ho i eit innlegg på X.
Den største av brannane er i den velståande bydelen Pacific Palisades. Denne spreier seg over eit område som svarar til fem fotballbaner i minuttet, ifølge CNN.
Brannmannskapa har ikkje kontroll på nokon del av brannane, seier brannvesenet i Los Angeles fylke.
Dei tre store brannane spreier seg raskt gjennom både terreng og nabolag i Los Angeles fylke.
Erik Steigen bur omtrent åtte kvartal frå evakueringssona. Når NRK snakkar med han på telefonen, er klokka nesten halv fire om natta.
– Eg var ute ein tur for nokre timar sidan for å kike. Då var det ganske stille i gatene, men det var mykje vind. På veg opp til områda der det brenn kunne eg sjå blålys og politi.
– Det som er urovekkande er dersom vinden skulle ta seg opp i løpet av natta. Difor har eg vore oppe ei stund, berre for å følge med.
Eit juletre oppslukt i Palisades-brannen. Denne er den største av dei tre, og har spreidd seg over 11.7 kvadratkilometer.
Foto: Ethan Swope / AP– Skummelt
Det er ikkje uvanleg med store skogbrannar ved Los Angeles og i delstaten California.
Men folk tek det særleg på alvor på grunn av den sterke vinden, og at mange nabolag er råka, fortel Steigen.
– Heile himmelen er raud på grunn av lyset frå flammane. Det er nesten litt vakkert, men samtidig veit ein kvifor det ser slik ut. Det er jo tragisk.
– Eg trur det er noko av det verste som har vore her, i alle fall på denne sida av byen, på mange, mange år. Så det er skummelt.
Eldre evakueres fra flammene med ambulanser.
Foto: JOSH EDELSON / AFPFlammene slår ut av bygget i den kraftige vinden.
Foto: Ringo Chiu / ReutersEt overtent hus i Altadena-området.
Foto: JOSH EDELSON / AFPSkogbrannen sett fra Copernicus Sentinel-2 satelitten tirsdag ettermiddag.
Foto: European Space Agency / AFP
Turistar som held til på sørsida av delstaten ikkje gå ut for å kike på brannane, seier leiaren for fagorganisasjonen California Professional Firefighters ifølge CNN.
– Dersom du ikkje bur i området, ikkje gå på sightseeing, seier han, Brian Rice, og legger til at omgjevnadane også er farlege for sløkkingsarbeidarar.
– Røyken er ei giftig suppe. Det er ikkje berre terrenget som brenn, men heimar brenn. Heimar med plast som er gjort opp av petroleums-samansetnader.
– Flammane kom veldig fort
Skodespelar Lars Berteig Andersen bur i byen Arcadia i Los Angeles fylke, som ligg omtrent ein halvtimes køyretur aust for Hollywood.
Han fortel at dei har følgt med på brannen i Pacific Palisades i heile dag.
– Det er litt ubehageleg å sjå at dei kjem over fjellet mot deg, seier han til NRK.
– Flammane kom veldig fort mot oss i ein periode, og så snudde vinden slik at dei gjekk andre vegen.
Lars Berteig Andersen fekk beskjed om å evakuere etter at brannen spreidde seg til Eton County. Det er denne som blussar på høgre side av biletet.
Foto: Skjermdump / NRKAndersen fortel vidare at dei blei førebudde på at lokalstyresmaktene der skulle kutte straumen i løpet av onsdagen.
– Det var for å hindre at tre og greiner som fall ned på grunn av vinden skulle treffe kraftleidningar og skape skogbrann, seier han.
– Det tok tydelegvis litt for lang tid før dei skrudde av straumen, fordi rett etter at vi mista straumen fekk vi beskjed om at det var ein ny skogbrann som hadde starta.
Denne gjorde at Andersen måtte evakuere. Inntil vidare bur han hos nokre vennar i området.
Publisert 08.01.2025, kl. 13.53 Oppdatert 08.01.2025, kl. 14.02