Verdas største børsnotering: – Det er noko eg vil vere med på

3 days ago 8


– Eg har trua på selskapet. Dei har fått til noko som allereie var science fiction, altså gjenbrukbare rakettar, seier investor Jon Erik Nordskog.

I fleire år har investoren vore interessert i romfart, og han har følgt med på mange av SpaceX sine rakettoppskytingar frå PC-en heime.

En rakett lyser opp himmelen ved soloppgang. Teksten på bildet sier "REVOLUTIONIZING SPACE TECHNOLOGY". Den beskriver SpaceX's Starship og Super Heavy rocket. Et skjermbilde viser en nettside. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Siri Kvehaugen Saugstad / NRK

Og når selskapet går på børs i USA i ettermiddag, får han og alle andre som er interessert i selskapet moglegheit til å kjøpe aksjar.

Planen er å selje aksjar for astronomiske 75 milliardar dollar. Ingen andre selskap har vore i nærleiken av same beløp under ei børsnotering.

Beløpet er enormt, og Elon Musk har utrulege planar om å kolonisere Mars og etablere datasenter i verdsrommet.

Derfor er alles auge no retta mot Wall Street.

Høg etterspørsel etter aksjen

I forkant av børsnoteringa var det mogleg å teikne seg for SpaceX-aksjen til 135 dollar, og interessa har vore stor.

Før børsnoteringa har Nordskog sikra seg 10 aksjar.

Et Wall Street-skilt er plassert i forgrunnen. I bakgrunnen er et uskarpt amerikansk flagg. Skiltet viser "WALL ST" med piler. Bildet er fotografert i dagtid. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Reuters Creative

Allereie tidlegare denne veka meldte finansnettstaden Bloomberg at aksjen var meir enn fire gonger overteikna.

– Når vi no har moglegheita til å investere i eit av dei mest spennande teknologiske selskapa i verda, som har store ambisjonar, er det noko eg vil vere med på, seier han.

Han seier aksjen er dyr, men for han handlar det også om at selskapet bidreg til noko større.

Han meiner SpaceX gjer klokt i å tenke på korleis vi kan flytte menneske til andre planetar.

– Det er mange ting som kan skje med menneska her på jorda, men no har vi mogelegheita til å få menneske til månen og etablere ein koloni på Mars som kan vere sjølvforsynt og forhåpentleg vakse.

Investeringsdirektør skeptisk til innteninga

Men skeptikarane trur det er vanskeleg å tene pengar på planane. Tala i rekneskapen viser også at selskapet ikkje tener pengar. I fjor hadde selskapet eit underskot på 4,94 milliardar dollar – eller nesten 46 milliardar norske kroner.

Analysehuset Morningstar meiner aksjen ikkje er verd meir enn 63 dollar – altså langt under halvparten av prisen Elon Musk har sett i forkant av børsnoteringa.

Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea har tidlegare sagt til NRK at han ikkje ville tort å investere i selskapet.

Robert Næss

Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea har ingen planar om å kjøpe SpaceX-aksjar.

Foto: Emma-Marie B. Whittaker / NRK

– Selskapet får høge inntekter, men sit ikkje igjen med pengar. Å tru at dei skal tene vanvitig mykje pengar framover er eigentleg ei ganske vanskeleg utvikling å sjå, sa Næss.

Nordskog er klar over at mange er skeptiske til korleis selskapet skal tene pengar.

En mann sitter ved et bord med en bærbar PC foran seg. Han ser mot høyre og smiler. Bak ham henger planter fra taket. Rommet har en kafé- eller loungeaktig atmosfære med mursteinsvegger og moderne belysning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Nordskog kunne ikkje la vere å bli med på den historiske børsnoteringa.

Foto: Siri Kvehaugen Saugstad / NRK

– Det er reelt at det er vanskeleg, og ein veit ikkje kva ein faktisk klarer å få til. Det er umogleg å seie kva som skjer om ti år til, men den teknologiske utviklinga går berre oppover, seier han.

Publisert 12.06.2026, kl. 08.38

Read Entire Article