– Nå var det på tide å få dei undersøkte, ler barnebarnet Inger Aadne.
Ekspertane jublar.
Sett fast i harva
Gardbrukaren Olav Tormodsrud var i gang med grøfting på eigedommen sin i Lardal da han støtte på noko hardt i jorda ein gong rundt 1970.
Han må ha forstått at det ikkje handla om gråstein eller røter som hadde sett seg fast i harva, og børsta forsiktig vekk jord og leire frå gjenstandane.
Øks funnen ved garden Askjem i Lardal på 70-talet.
Foto: Fredrik Hansen / NRKDermed avdekte han ein aldri så liten skatt.
Eit sverd, eit øksehovud og ein såkalla skjoldbule kom fram i lyset.
Den rustne, historietunge vesle samlinga fekk raskt heidersplassen på peishylla i hovudhuset på garden, og der blei dei liggande i meir enn femti år.
Nå har familien bestemt seg for at fellesskapen skal få glede av det spesielle funnet til bestefaren.
«Hemmeleg»
– Det skulle liksom ikkje snakkast om, fortel Inger Aadne.
Ho er barnebarnet til Tormodsrud, og bur i dag på Askjem gard ved Svarstad saman med ektemannen Jan Aadne.
Der har dei overtatt det gamle huset.
Aadne hugsar godt den «hemmelege» vesle utstillinga på peishylla frå da ho var barn. Dei fabla og dikta historier om kva som kunne ha skjedd.
Inger og Jan Aadne heime på garden der vikingfunnet har lege på peishylla dei siste femti åra.
Foto: NRK– Vi visste jo at det hadde gått ein gammal kjerreveg forbi her. Kunne det vere ein som hadde reist forbi og blitt drepen?
Dei vaksne var likevel opptatt av at den vesle samlinga på peishylla ikkje skulle få så mykje merksemd utanfor dei fire veggane i huset.
– Den gongen var dei nok veldig engstelege for å levere inn sånt. Dei var redde for at det skulle komme nokon for å endevende alt her. Det ville dei ikkje ha noko av, fortel ho.
Da ekteparet nyleg bestemte seg for å renovere peisen i stua, fann dei ut at dette var eit godt høve å levere inn den vesle våpensamlinga til ekspertisen. Resten av slekta var einig, og som sagt så gjort.
Inger Aadne framfor peisen der gjenstandane har lege meir eller mindre urørte sidan 70-talet.
Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRKFamilien hadde ein mistanke om at det var skikkeleg gammalt, men reaksjonen frå ekspertane var likevel overraskande.
Det dreier seg nemleg om ei våpensamling frå vikingtida, nærare bestemt frå 900-talet.
– Det er jo litt artig, smiler Aadne.
God stemning på kontoret
Ragnar Orten Lie, prosjektleiar med ansvar for Vikingvegen Vestfold og Telemark, fekk gåsehud da pakken blei levert til kontoret hans.
Ragnar Orten Lie, Kulturarv Vestfold.
Foto: Fredrik Hansen / NRK– Det blir alltid god stemning når vi får inn slike funn. Det er jo ikkje berre ein enkeltgjenstand, seier han entusiastisk til NRK.
Dei meiner det dreier seg om ei mannsgrav frå 900-talet.
– Vi kan fortelje mykje meir om historia til denne garden ut frå dette nå.
Nå er han spent på om det kan ligge andre graver i området.
Lie minner også om at man plikter å melde frå om funn, og setter pris på at arvingane på garden har tatt kontakt.
Reglene som gjeld for funn av historiske gjenstandar kan du lese meir om her:
Våpnene frå Askjem gard vil bli sende vidare til Historisk museum, etter at dei er grundig undersøkte.
Det er «eigarane» glade for.
– Vi håper jo det kan bli stilte ut ein plass, seier Inger Aadne.
Hei!
Eg har skrive denne saka. Er det noko du meiner vi har gått glipp av, eller er det kanskje andre tema og saker du meiner vi bør sjå nærare på?
Send meg gjerne ein e-post.
Publisert 19.02.2025, kl. 17.39 Oppdatert 19.02.2025, kl. 17.43