VM-draum knust: – Føler eg er på veg ned i eit svar hol

3 months ago 20


– Eg er vanlegvis i godt humør, men nå er det litt seigt å svelge den her, seier Fossesholm til NRK mens ho kjempar for å halde tårene tilbake.

Det var allereie i kvartfinalen på sprinten i sveitsiske Engadin at det gjekk gale for Helene Marie Fossesholm

Heilt i starten av kvartfinalen vart det kamp om plassane og Fossesholm hekta skia inn i sveitsiske Nadine Fähndrich. Ho greidde å halde seg på føtene, men tapte mykje terreng og i mål var ho over 24 sekund bak.

– Uffameg. Etter 50 meter så går dei i kvarandre, kommenterte NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland.

Fossesholm hekta

UHELL: Helene Marie Fossesholm hekta inn i Nadine Fähndrich, og kom aldri tilbake i kampen om å gå vidare frå kvartfinalen. SKJERMDUMP MED LØYVE FRÅ VIAPLAY.

Foto: Skjermbilete frå Viaplay

I målområdet var det ein tydeleg skuffa Fossesholm etter kvartfinalen. Ho gjekk rett mot skifteområdet og sette seg ned på huk og la hovudet i hendene.

– Draumen om å gå sprinten i VM – den er over og ut, seier NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland.

I intervjusona var det ein tydeleg prega Fossesholm som møtte NRK.

helene fossesholm

NEDTUR: Det var ei tydeleg prega Helene Marie Fossesholm som prata med NRK etter sprinten i Sveits.

Foto: Håvard G. Hagen / NRK

– Korleis ser du på VM i Trondheim og det som skal skjer der no?

– Eg kan ikkje tenkje for mykje på det, da blir eg berre deprimert. Nå kjenner eg at eg er veg ned i eit svart hol, så eg må berre ikkje gå ned der.

Trøblete opplading

For det har verkeleg ikkje gått på skeiner for Fossesholm på vegen mot VM.

I september i haust fekk ho kneskåla ut av ledd i ei fotballturnering, og lenge måtte ho trene berre på ein kjelke, og heile sesongen stod i fare for den vanlegvis så blidspente jenta.

Til VG fortalde Fossesholm følgjande om skada i september:

– Eg skreik jo først. For akkurat då det skjedde var det veldig vondt. Så såg eg ned på kneet mitt og så var jo alt malplassert. Det var jo ingen kneskål der den skulle vere.

Men ho kjempe seg attende mot alle odds, og da NM-sprinten på Gåsbu gjekk av stabelen i midten av januar slo ho tilbake med eit NM-sølv rett bak suverene Kristine Stavås Skistad.

Helene Marie Fossesholm

SKADE: Ei kneskade sette Fossesholm ut av spel hausten 2024, og ho måtte trene alternativt i lang tid.

Foto: Jonas Been Henriksen / NRK

Denne veka kom ho med i VM-troppen, men kampen om å få gå distansane er framleis knallhard. Ei god konkurranse på sprinten i helga ville sett ho i god posisjon til å få gå VM-sprinten.

– Orkar ikkje å tenkje på det

No blir det truleg berre med draumen.

– Dette var eit ekstra viktig skirenn, eg er ikkje så rutinert i høgda at eg berre kan gønne på etter at eg hektar. Eg mistar flyten og eg stivnar, og eg får liksom ikkje utnytta bakken som er min fordel da. Eg er berre stiv når eg går inn i bakken. Da går eg som ei høne inn til mål.

– Viss du prøver å sjå etter eit ljos i tunnelen, kvar er dine beste moglegheiter no?

– Eg veit ikkje, eg orkar ikkje å tenkje på det. Eg må tenkje gjennom dette litt, seier ein tydeleg prega Fossesholm til NRK.

Helene Fossesholm-250125-_3

FOSSESHOLM: Ho brukte god tid på å fordøye skuffelsen etter rennet laurdag.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland meiner det er lite truleg at Fossesholm nå får gå skirenn i VM på heimebane.

– Ho er jo i VM-troppen, men mykje tydar på at ho ikkje får gå ei einaste distanse. Det var ikkje planen for Helene Marie Fossesholm, seier Aukland.

Svensk siger

I finalen var det svenske Jonna Sundling som tok kontroll frå start. Kristine Stavås Skistad hang seg på svensken, men på oppløpet hadde ikkje Skistad ein sjanse, og Sundling tok ein sterk siger.

– Det er Sundling som er suveren på oppløpet her, det vart aldri ein duell dette her, kommenterte NRKs kommentator Joakim Ose.

– Skistad får heilt syra og stoppar fullstendig opp. Jonna Sundling var rett og slett sprekare. Det var ein litt merkeleg spurt dette her, seier NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland.

Lotta Udnes Weng kom seg også til finalen og enda på 5.-plass.

Publisert 25.01.2025, kl. 14.15 Oppdatert 25.01.2025, kl. 14.52

Read Entire Article