Vurderer å kaste om på VM-planane – varslar prat med trenaren

4 months ago 51


Therese Johaug kjempa alt ho makta i høgda i Davos, men måtte sjå seg slått med 13 sekund av lagvenninne Astrid Øyre Slind på 20 kilometer klassisk.

Før rennet var Johaugs plan å ikkje gå eitt einaste verdscuprenn før Falun i midten av februar. I tillegg stod NM i midten av januar på programmet. Etter nederlaget vurderer ho å kaste om på planane.

No kan det plutseleg bli Tour de Ski i jula. Det er i alle fall oppe til vurdering.

– Vi får sjå litt. Eg skal snakke med trenarane, og ta ei evaluering dei neste dagane. Sjå kva som er den beste vegen vidare framover.

– Kva hallar du mot?

– Eg er usikker.

– Du har vore klar på at du ikkje vil gå Tour de Ski tidlegare?

– Eg har det, altså, men eg må sjå an konkurranseprogrammet og sjå kva det eigentleg er eg treng mest av no, seier Johaug til NRK:

– Alt er ikkje som det var før

Johaug vedgår at den hektiske starten på verdscupen har tatt på, men er fornøgd med innleiinga på sesongen.

– No har vi gjort unna alle verdscuprenna og helgane før jul, og eg har stort sett vore på pallen i alle skirenna. Så eg er veldig fornøgd med det, smiler ho.

Ein pause kunne ha freista, for det har gått i eitt sidan vinteren blei sparka i gang heime på Beitostølen.

Cross-Country Skiing, FIS World Cup, Women's 20 km

LAGVENNINNER: Øyre Slind og Johaug.

Foto: BILDBYRÅN

– Eg har kjent at eg treng litt konkurransetrening, men eg har samtidig kanskje følt at renna så langt har gjort at eg har blitt i betre form. Alt er ikkje som det var før. Eg manglar det siste toppgira. Ein kjenner på ein måte at ein har vore to år ute og kome litt ut av det, fortel Johaug.

Landslagstrenar Sjur Ole Svarstad seier han vil setje seg ned med Johaug og resten av laget for å diskutere kva som er best i månadene framover.

– Vi har sagt til alle jentene at vi tar oss ein god prat etter løpet i dag, så peilar vi ut kursen vidare, sa Svarstad til NRK etter 20-kilometeren i Davos.

Alt handlar om VM

Mellom no og VM i Trondheim står ei rekke store skirenn på programmet.

Først ventar altså tradisjonsrike Tour de Ski i jula. Deretter skal verdscupsirkuset innom Les Rousses i Frankrike, Engadin i Sveits, Cogne i Italia og Falun i Sverige, før VM står for tur.

Johaug har brukt å satse på lengre opphald med høgdetrening gjennom karrieren, men ikkje denne sesongen.

– Eg merkar at det ikkje har vore så mykje i høgda. Eg er glad for at VM i Trondheim ikkje er på 1600 meter, sa ho etter høgderennet i Davos.

– Ein må berre ta ei løpande evaluering undervegs på kva ein kjenner at ein treng, og kva ein står igjen med. Kva ein kjenner ein må ha med seg oppi ryggsekken når VM startar, avsluttar ho.

Ski-VM ser du på NRK frå 26. februar. Neste stopp for dei fleste langrennsstjernene er Tour de Ski frå 28. desember. Høyr touren på NRK Radio.

Endte rett i reklameskiltet: – Flaueste jeg noen gang har gjort 00:55

Publisert 16.12.2024, kl. 10.46

Read Entire Article